Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Å vere gjest – munnlege ferdigheiter

Introduksjon

I denne læringsstien skal du trene opp ferdigheitene dine i å lytte til, tale og samtale på kinesisk i samband med temaet Å vere gjest.

Når du har har arbeidd deg gjennom denne læringsstien, skal du

  • forstå ukjende munnlege tekstar knytte til temaet Å vere gjest
  • kunne ønskje velkomen og ta deg av gjester
  • kunne gi kompliment til kokken
  • kunne snakke om korleis mat luktar og smakar
  • kunne snakke om kva type mat du likar og ikkje likar
  • kunne framseie ei skål
  • kunne uttrykkje takksemd for å ha blitt invitert
  • kunne uttrykkje at éi handling blir utført medan ei anna er i gang
  • kunne uttrykkje eit positivt sluttresultat av ei handling