Oppgåve
Meir enn berre heimelaga – studiespørsmål
Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen Meir enn berre heimelaga. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel. Finn svar på spørsmåla, og diskuter i klassen.
- Bør ein ta med seg «merksemder» til vertane om ein blir beden heim til nokon på middag i Kina? Spør kinesarar du kjenner.
- Når ein er middagsgjest heime hos nokon i Kina, tykkjer dei nok det er interessant å høyre kva vi i Noreg et ved liknande høve. Kva vil du trekkje fram?
- Fortel noko av det som blir hevda i artikkelen, til unge kinesiske venner av deg, og finn ut i kva grad det framleis stemmer. Kanskje har dei lagt seg til andre vanar?
Relatert innhald
Fagstoff
Meir enn berre heimelagaNår kinesisk mat blir tema i ein samtale, vil erfaringsgrunnlaget til dei fleste av oss stamme frå besøk på kinesiske restaurantar.