Grammatikkforklaringar
CC BY-SA 4.0Set deg godt inn i grammatikkforklaringane, før du fortset til oppgåvene.
Du er no inne i ein læringssti:
Å spørje om vegen – grammatikk
Set deg godt inn i grammatikkforklaringane, før du fortset til oppgåvene.
请问,新华书店在哪里?听说在这儿附近,可是我们不知道怎么走。 Qǐngwèn, Xīnhuá shūdiàn zài nǎlǐ? Tīngshuō zài zhèr fùjìn, kěshì wǒmen bù zhīdào zěnme zǒu.
怎么走 zěnme zǒu er det vanlegaste uttrykket på kinesisk når vi skal spørje om vegen til ein gitt stad. Ofte kjem 到/去 + stad framfor, som for eksempel her:
到大学怎么走? Dào dàxué zěnme zǒu? – «Kva er vegen til universitetet?»
去超市怎么走? Qù chāoshì zěnme zǒu? – «Kva er vegen til supermarknaden?»
Merk at uttrykket 怎么去 zěnme qù derimot blir brukt for å spørje om type transportmiddel, ikkje vegforklaringa. Samanlikn:
你怎么去大学? Nǐ zěnme qù dàxué? – «Korleis (buss, T-bane, osv.) reiser du til universitetet?»
到大学怎么走? Dào dàxué zěnme zǒu? – «Kva er vegen til universitetet?»
在王府井的南边,就在麦当劳那边(a),
Zài Wángfǔjǐng de nánbian, jiù zài Màidāngláo nàbian (a), ...
«På sørsida av Wangfujing, rett ved McDonalds der, ...
离这儿不远(b)。从这里走(c)大概要十分钟不到吧。
lí zhèr bù yuǎn (b). Cóng zhèlǐ zǒu (c) dàgài yào shí fēnzhōng búdào ba.
Ikkje langt herfrå. Det er vel ikkje fullt ti minutt å gå dit herfrå.»
(a) 那边 nàbian / 那里 nàlǐ / 那儿 nàr (eller 这边 zhèbian / 这里 zhèlǐ / 这儿 zhèr) kjem ofte bak eit ord for ein stad for å uttrykkje «rett ved» den staden. Merk at nomen på kinesisk som i utgangspunktet ikkje indikerer ein stad, for eksempel 我 wǒ, må ha eit slikt uttrykk bak seg viss du vil nemne den staden du for tida er på. Eksempel:
我的书在哪里?! | 哦,在我这儿。 |
---|---|
Wǒde shū zài nǎlǐ? | Ò, zài wǒ zhèr. |
«Kvar er boka mi?» | «Å, (ho er) her hos meg.» |
(b) 离这儿不远 lí zhèr bù yuǎn
离…远 / 近 / lengdemål (米 mǐ – «meter» – 公里 gōnglǐ – «kilometer» – osv.): Denne konstruksjonen blir brukt for å uttrykkje avstand frå éin stad til ein annan. Anten om noko er nært eller fjernt: 离大学不远 lí dàxué bù yuǎn – «ikkje langt frå universitetet» – 离我家很近 lí wǒ jiā hěn jìn – «veldig nær huset mitt» – eller ein konkret avstand:
我的朋友的家 | 0;离 | 我的家 | 五公里。 |
---|---|---|---|
Wǒde péngyoude jiā | lí | wǒde jiā | wǔ gōnglǐ |
(A) |
| (B) |
|
«Huset til vennen min ligg 5 km frå mitt.»
(c)
从 | 这里 | 走 | 大概要*十分钟不到吧。 |
---|---|---|---|
Cóng | zhèlǐ | zǒu | dàgài yào* shí fēnzhōng búdào ba. |
Frå | (stad) | VERB | (avstand/tid) |
«Herfrå tek det vel omtrent 10 minutt å gå.»
Denne konstruksjonen blir brukt for å uttrykkje avstand eller tidsbruk frå éin stad til ein annan. *Merk bruken av 要 yào her, som minner om «å koste», som vi har lært om tidlegare: 大概要十分钟不到吧 Dàgài yào shí fēnzhōng búdào ba tyder «Det vil ta / vil 'koste' ca. 10 minutt.» 不到 búdào tyder her «ikkje heilt», altså at tida det vil ta, ikkje er fullt ti minutt, men nesten. Vidare er det vanleg å bruke 往 wǎng for å uttrykkje retninga ein skal gå i:
往 | 西 | 一直走 | 过两个路口 |
---|---|---|---|
Wǎng | xī | yìzhí zǒu | guò liǎng ge lùkǒu |
Mot | (stad) | VERBAL | (avstand/tid) |
«Gå rett fram mot vest, forbi to vegkryss ...»
Fleire eksempel:
在步行街口往左拐,再往前走两百米多一点儿 (左手边就是新华书店了)。
Zài bùxíngjiē kǒu wǎng zuǒ guǎi, zài wǎng qián zǒu liǎngbǎi mǐ duō yìdiǎnr (zuǒshǒubian jiùshì Xīnhuá shūdiàn le).
«Ved gågatekrysset tek du til venstre, så går du litt over 200 meter rett fram (så er Xinhua bokhandel rett på venstre hand).»
外文书都在楼下,从前面转左边下楼梯,下去以后左边都是英文文学。
Wàiwén shū dōu zài lóuxià, cóng qiánmian zhuǎn zuǒbian xià lóutī, xiàqù yǐhòu zuǒbian dōu shì yīngwén wénxué.
«Framandspråkleg litteratur er i underetasjen, ta til venstre og gå ned trappa der framme*. Etter at du har gått ned, er det berre engelsk litteratur på di venstre hand.»
拐 guǎi og 转 zhuǎn tyder «vend»/«sving»/«ta (til høgre/venstre)» begge to og blir brukt om kvarandre.
*På kinesisk står det ordrett: «FRÅ framside VEND venstre GÅ NED trapp». 从前面 cóng qiánmiàn tyder at ein skal vidare frå (med utgangspunkt i) den fremre delen av lokalet (relativt til talaren).
从 cóng og 往 wǎng kan òg brukast saman i ei meir utfyllande vegforklaring. Eksempel:
从大学往南走五百米,在地铁站左拐,就到了。
Cóng dàxué wǎng nán zǒu wǔbǎi mǐ, zài dìtiězhàn zuǒguǎi, jiù dào le.
«Frå universitetet går du sørover 500 meter, tek til venstre ved T-banestoppet, så er du der.»
Grammatikkoppgåve om kinesisk setningsstruktur.