Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rekn med toleransar og passingar

Oppgåvene kan løysast med alle hjelpemiddel.

Når du skal løyse oppgåvene, får du bruk for tabellen over ikkje-toleransesette mål (NS-ISO 2768-1), som du finn på sida "Toleransar og passingar", sjå nedanfor. Du bør gå gjennom denne sida før du løyser desse oppgåvene.

Relatert innhald

Oppgåve 1

a) Kva er toleransen i mm på eit basismål på ein maskindel når basismålet er 11,3 mm og det tillatne avviket har graden "Fin"?

Fasit

Basismålet her er mellom 6 og 30 mm, og når det tillatne avviket er "Fin", er toleransen ± 0,1 mm.

b) Kva er toleransen i mm på eit basismål på ein maskindel når basismålet er 125 mm og det tillatne avviket har graden "Grov"?

c) Kva toleransegrad har eit basismål på 4,5 mm når det tillatne avviket er ± 0,2 mm?

d) Kva toleransegrad har eit basismål på 45 cm når det tillatne avviket er ± 0,8 mm?

e) Kva intervall kan eit basismål på ein maskindel liggje innanfor dersom det tillatne avviket er ± 0,2 mm og toleransegraden er "Fin"?

f) Kva intervall kan eit basismål på ein maskindel liggje innanfor dersom det tillatne avviket er ± 0,15 cm og toleransegraden er "Meget grov"?

g) Kva kombinasjonar av intervall og toleransegrad kan eit basismål på ein maskindel ha dersom det tillatne avviket er ± 0,2 mm?

Oppgåve 2

Tre figurar som alle viser ein aksling i ei boring. Den første figuren viser klaringspassing, og der er det god klaring. Den andre viser mellompassing, og der er det trongare for akslingen enn ved klaringspassing. Den tredje figuren viser presspassing, og der kan ikkje akslingen røre seg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva ser vi på ulike passingar mellom boring og aksling, sjå biletet over.

a) Vi har ei boring der diameteren på opninga er (35,0 ± 0,3) mm. Akslingen vår har ein diameter på (34,0 ± 0,3) mm. Vil vi oppnå klaringspassing i heile toleranseområdet her? I tilfelle ikkje, kva slags passing er det snakk om?

Løysingsforslag

Ved klaringspassing skal det vere klaring mellom aksling og boring i heile toleranseområdet. Den største diameteren akslingen kan ha, er

34,0 mm + 0,3 mm = 34,3 mm

Den minste diameteren boringa kan ha, er

35,0 mm – 0,3 mm = 34,7 mm

b) Vi har ei boring der diameteren på opninga er (35,0 ± 0,3) mm. Akslingen vår har ein diameter på (34,0 ± 0,8) mm. Vil vi oppnå klaringspassing i heile toleranseområdet her? I tilfelle ikkje, kva slags passing er det snakk om?

c) Vi har ei boring der diameteren på opninga er (35,0 ± 0,3) mm. Akslingen vår har òg ein diameter på (35,0 ± 0,3) mm. Vil vi oppnå presspassing i heile toleranseområdet her? I tilfelle ikkje, kva slags passing er det snakk om?

d) Vi har ei boring der diameteren på opninga er (35,0 ± 0,3) mm. Vi kan produsere akslingar med same toleranse. Kva er den minste diameteren akslingen kan ha dersom vi krev presspassing i heile toleranseområdet?

e) Vi har ei boring der diameteren på opninga er (35,0 ± 0,3) mm. Vi kan produsere akslingar med same toleranse. Kva er den største diameteren akslingen kan ha dersom vi krev klaringspassing i heile toleranseområdet?

Oppgåve 3

Bruk tabellen over toleransar for ikkje-toleransesette mål (NS-ISO 2768-1) i denne oppgåva.

a) Kva er skilnaden på toleranse og uvisse?

Løysing

Toleranse og uvisse er omtrent det same. Vi bruker omgrepet toleranse om uvissa i storleiken på ein maskindel vi har produsert. Omgrepet uvisse blir òg brukt i samband med måleuvisse i målinga av noko.

b) Rekn ut den relative toleransen (uvissa) for basismåla 3 mm, 315 mm og 2 000 mm når toleransegraden er "Fin". Blir det det same svaret? Kvifor/kvifor ikkje?

c) Kvifor manglar det tal for tillatne avvik når toleransegraden er "Grov" eller "Meget grov" for basismål mellom 0,5 og 3 mm?

d) Kvifor manglar det tal for tillatne avvik for toleransegraden "Fin" for dei største basismåla?

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 16.08.2020

Læringsressursar

Grunnleggjande omgrep og samanhengar