Hopp til innhald

Fagstoff

Polygonar

Ein polygon er det same som ein mangekant.

Ein enkel polygon er ein figur vi får i planet når vi trekkjer linjestykke mellom punkt i planet på ein slik måte at linjestykka

- dannar éi lukka kurve

- ikkje skjer kvarandre

Enkle polygon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dersom linjestykka skjer kvarandre, er polygonen ikkje enkel. Det er likevel vanleg å sløyfe nemninga enkel, slik at når vi snakkar om ein polygon, eller ein mangekant, så meiner vi ein enkel polygon.

Namnet polygon, eller mangekant, blir brukt både om det avgrensa, lukka området i planet som linjestykka dannar, og også berre om sjølve linjestykka.

Linjestykka kallar vi sider eller kantar. Ein trekant har tre kantar. Det er alltid like mange hjørne som kantar, difor kallar vi også ein trekant for eit triangel, tre hjørne. Vidare har vi firkant, femkant (pentagon), sekskant (heksagon) osb.

Maleriet "Uten tittel" frå 1916. Malt av Kasimir Malevitsj. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Stein Aanensen og Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2018

Læringsressursar

Mangekantar og sirklar