Hopp til innhald
Fagartikkel

Rasjonale ulikskapar

Når vi skal løyse ei rasjonal likning, multipliserer vi først med samnemnaren på begge sider av likskapsteiknet for å få ei likning utan brøkar. Det kan vi ikkje gjere når vi har ein brøkulikskap med x i nemnar. Kvifor?

Problemet er at når vi har ein brøkulikskap med x i nemnar, vil nemnaren vere negativ for nokre x-verdiar og positiv for andre x-verdiar. Då blir det vanskeleg å halde seg til regelen som seier at vi må snu ulikskapsteiknet når vi multipliserer ein ulikskap med eit negativt tal.

Vi løyser rasjonale ulikskapar på tilsvarande måte som andregrads- og tredjegradsulikskapar. Vi må samle alle ledd på den eine sida av ulikskapsteiknet og faktorisere.

Eksempel

Vi skal løyse ulikskapen

x+12x-11 ,   x12

Vi må gå ut frå at x er ulik 12, for ellers får vi null i nemnaren.

Vi ordnar ulikskapen slik at vi får null på høgre side

   x+12x-1  1x+12x-1-10

Vi trekkjer saman til éin brøk og faktoriserer teljar og nemnar dersom nødvendig.

x+12x-1-1·2x-12x-1  0        x+1-2x+12x-10               2-x2x-10

Teljaren er null når  2-x=0, det vil seie når  x=2. Nemnaren er null når  2x-1=0, det vil seie når  x=12, som vi også slo fast i starten på dømet. Det er berre for desse to verdiane av x at brøken kan skifte forteikn. Vi tar «stikkprøver» og undersøkjer forteiknet til brøken i dei aktuelle intervalla , -12, 12, 2 og 2, .

For  x=0  får vi

2-02·0-1=+2-1 Uttrykket er negativt.

For  x=1  får vi

2-12·1-1=+1+1 Uttrykket er positivt.

For  x=3  får vi

2-32·3-1=-1+5 Uttrykket er negativt.

Vi set opp eit forteiknsskjema for brøken  2-x2x-1.NB! Legg merke til at brøken  2-x2x-1 ikkje er definert når nemnaren blir 0. I forteiknsskjemaet markerer vi dette med to pilspissar som møtest eller eit kryss for  x=12.

Vår oppgåve var å finne ut for kva verdiar av x brøken  x+12x-11, det vil seie at  2-x2x-10. Løysinga på oppgåva blir at x må vere større enn 12 og mindre enn eller lik 2,  x12, 2].

Merk at her kunne uttrykket vårt vere null, og då tar vi med 2 i løysinga.

I CAS i GeoGebra får vi same løysing.

x+12x-111Løys:  12<x2

Video: Tom Jarle Christiansen, Tom Jarle Christiansen, Tom Jarle Christiansen / CC BY-SA 4.0