Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Trelasthandel

Frå 1500-talet begynte norsk trelast å bli ei stor eksportnæring. Mykje av tømmeret blei felt for å møte europeisk etterspørsel. Trevirket skulle brukast til bygningar og skip i dei veksande byane i land som Nederland og England.

Bruk av tømmeret

Trevirket blei brukt til å bygge infrastruktur, mellom anna hamner og kanalar, for den veksande handelen. Tømmeret kunne og vere til husbygging i dei veksande byane, til møblar i husa, til skip og mindre båtar og til kasser til å frakte alle varene som blei produserte. Norsk tømmer blei til og med brukt til likkister for den veksande europeiske befolkninga.

Tilgangen og marknadene

Dei første skriftlege kjeldene om norsk trelasteksport stammar frå 1200-talet. Men det er først frå 1500-talet at vi kan snakke om noko særleg omfang. Auken hadde samanheng med den auka etterspørselen frå europeiske land og blei gjord mogleg av at kom i bruk langs vassdraga. Oppgangssaga gjorde saginga enklare og dermed meir effektiv.

Nederland var hovudmarknaden i byrjinga av perioden. Nederlendarane kjøpte tømmeret direkte frå bøndene, særleg langs kysten på ruta til Bergen. Handelen førte til at vestlandskysten i praksis blei avskoga i løpet av 1500- og tidleg på 1600-talet.

Avskoginga langs vestlandskysten gjorde at handelen ikkje berre flytta austover, men òg innover i landet. Særleg det siste var avhengig av ei utvikling av meir organisert handel. Det voks fram ei gruppe mellommenn som skaffa tømmer frå innlandet for kjøparar i utlandet. Elveløpa spelte ei særleg viktig rolle, sidan tømmeret kunne fløytast ned elvane frå innlandet og ut til kysten. I mange tilfelle voks det fram byar ved munningane av nettopp slike tømmerfløytingselvar. Mellom anna Drammen, Fredrikstad, Larvik og Arendal var viktige eksporthamner.

Frå 1680-åra og fram til 1800 voks Storbritannia fram som den leiande økonomiske stormakta i Europa. Storbritannia tok òg over rolla som den viktigaste marknaden for norsk tømmer. Ein annan viktig tømmermarknad var Danmark, men då i hovudsak for tømmer av dårlegare kvalitet.

Tømmerhandelen

Tømmerhandelen på slutten av 1700-talet gjekk føre seg på denne måten: Ein representant frå kjøpmennene gjekk saman med bonden som åtte skogen. Om sommaren valde dei ut tre som skulle fellast. Bonden felte så trea på seinhausten. Om vinteren drog han stokkane over snøen til elva. Lenge var det også bonden som fløytte stokkane ned elva til eksporthamna. I siste del av 1700-talet var det derimot samanslutningar av kjøpmenn som organiserte fløytinga.

Fløytinga skjedde om våren og sommaren, medan det var godt med vatn i elva. Når kjøpmannen fekk tømmeret, sytte han for at det blei saga til bord eller andre trevarer på ei av dei privilegerte sagene (sjå tekstboks). Borda blei så tørka over vinteren og skipa ut våren etter. Heile prosessen frå treet blei merkt og til det kunne skipast ut, tok dermed mellom eitt og to år!

Privilegium og makt

Kven som fekk selje trelast til utlandet, blei frå 1688 avgrensa av «sagbruksprivilegiet». I denne ordninga låg det at berre eigarar av ei av dei 700 sagene med «privilegium» (spesielt løyve) for å sage tømmer til eksport, fekk selje til utlandet. I praksis innebar sagbruksprivilegiet at det voks fram ei mektig gruppe handelsmenn som kontrollerte utanrikshandelen i byane. Som einaste salsledd for tømmer kom dei òg i ein maktposisjon overfor bøndene. Sagbruksprivilegiet blei halde oppe fram til siste halvdel av 1800-talet.

Dei som sat på desse privilegia, blei gjerne kalla for "plankeadel".

Skogen som næring for bøndene

For bøndene i skogsområda var arbeidet i skogen ei attåtnæring, det vil seie ei næring som dei kombinerte med gardsdrifta. Tømmerhogsten fungerte altså som ei ekstrainntekt ved sida av jordbruket. For bonden var dilemmaet at dersom han felte all skogen, ville det ta mange tiår før trea voks opp att. I denne perioden ville han ikkje få inntekter. Mykje tyder på at mange skogeigarar først og fremst tenkte på å hente ut eit stort utbytte med ein gong, snarare enn å tenkje på skogvern og planlagd uthogging. Særleg på slutten av 1700-talet var det òg mange som spekulerte i skogeigedom. Dei kjøpte då skogsområde, snauhogde dei for eksport, og så selde dei eigedommane vidare.


Kjelder

Hoen, H.F., Svendsrud, A. & Bækkelund, B. (2025, 17. januar). skogbruk i Norge. I Store norske leksikon. https://snl.no/skogbruk_i_Norge

Johannessen, F.E. (2024, 6. november). Nye næringer: Trelast og bergverk. Norgeshistorie. https://www.norgeshistorie.no/kirkestat/1105-nye-naringer-trelast-og-bergverk.html

Skrive av Ragnhild Hutchison og Inga Berntsen Rudi. Rettshavar: Kommuneforlaget.
Sist oppdatert 29.04.2025