Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Røros koparverk

Koparverket var sjølve grunnlaget for framveksten av bergstaden Røros og sette varige spor i både befolkninga og landskapet. Bergverket, som blei eit av Noregs største, blei grunnlagt I 1644 og var i drift heilt fram til 1977.

Privilegia og sirkumferensen

Ein kammertenar hadde tilfeldigvis skaffa seg ein part i det tidlege bergverket på Røros. Han heitte Joachim Jürgens (Irgens) og vende seg direkte til kongen. Dette resulterte i at Christian 4. utstedde eit såkalla privilegiebrev i 1646. Med det fekk Røros koparverk mange rettar, ikkje minst innanfor "sirkumferensen". Altså at verket innanfor ein radius på 45 kilometer frå funngrunva (Gamle Storwartz) fekk omfattande rettar.


Privilegia innebar at verket hadde rett til å utvinne alle malmførekomstar og til naturressursar som gruvedrifta var avhengig av. Dette var skogvirke til fyrsetjing i gruvene og til smelteomnane. Vidare retten til å bygge ut vassdrag for å drive vasshjul. Desse dreiv heisar og pumper. Det mest drastiske var dessutan pliktarbeidet som menneska innanfor sirkumferensen måtte utføre.

Pliktarbeid

Røros koparverk hadde eigne lover og eige rettsapparat som gjaldt innanfor sirkumferensen. Dette fekk ikkje berre innverknad på sjølve drifta av verket, men òg på livet til menneska som budde innanfor verksområdet. Pliktarbeidet var lønna, men betalinga var ofte varer som vart prissette av koparverket. Dette førte fleire gonger til konfliktar mellom verksleiinga og arbeidarane.

Byen veks fram

Bergverksbyen vaks fram der det i 1644 var fem gardar. Etter kvart som byen vart utvida, kom befolkninga til å bestå av innflyttarar. I hovudsak var desse frå naboregionane, men det var òg innslag frå fjernare stader. Arbeidarane kom frå bonde- og småkårsbefolkninga. Verksadministrasjonen, bergverksspesialistane og embetsfolka kom i hovudsak frå overklassen og bykulturar i Danmark og Tyskland.

Krigsår

Grådige og udugelege eigarar skulle prege bergverket frå 1660- til 1680-åra. I 1678 toppa elendet seg då svenske troppar marsjerte inn i Røros utan å møte motstand. Alle bygningar i byen vart brende ned, berre kyrkja vart spart. Gruvene vart òg øydelagde. På veg tilbake mot Sverige heldt svenskane fram nedbrenninga av gardar. For at dei skulle berge seg gjennom vinteren vart det bygd koier i skogen til arbeidarane og familiane deira. Gjenoppbygginga starta våren 1679. Men alt i august var svenskane tilbake og brende ned det som var bygd opp.

Betre tider

Fleire alvorlege konfliktar mellom eigarane og arbeidarane tvinga til slutt styresmaktene i København til å opprette Det Nordenfjeldske Bergamt. Bergverket fekk då nye eigarar som hovudsakleg var storkjøpmenn i Trondheim.

Bortsett frå under eit nytt krigsoverfall frå svenskane i 1718, var det overskot ved verket gjennom heile 1700-talet. Under revolusjons- og Napoleonskrigane steig overskotet til store høgder, og bergverket var kanskje den beste forretninga i Noreg på den tida. I tråd med auka drift vaks også arbeidsstokken til eit par tusen mann. Dette var igjen medverkande til den økonomiske framgangen for Trondheim på 1700-talet.

Tekniske nyvinningar

I 1878 vart Rørosbanen opna, og ein ny epoke starta for bergverket. Ein gjekk dessutan over frå trekol til steinkol og koks til smelteprosessen. Dermed vart det slutt på kolbrenninga og kolkøyringa, noko som hadde vore ei viktig næringskjelde for fleire hundre gardbrukarar.

Frå industri til turisme

Koparprisane vart stadig lågare i takt med dårlege tider og auka arbeidarlønningar utover på 1900-talet. Bortsett frå eit stort oppsving i koparprisane under første verdskrigen, var det vanskelege tider for verket.

I 1977 melde Røros koparverk seg konkurs. Røros kom på UNESCOs verdsarvliste som første industristad i 1980. I dag er turisme den viktigaste næringa i Rørosområdet, ei næring som er tufta på over 300 år med gruvedrift.

Kjelder

Berg, B. I., Gvein, Ø. Indseth, A. Røros kobberverk. (2024, 25. november). I Store norske leksikon. https://snl.no/R%C3%B8ros_Kobberverk

Johannessen, F. E. (2024, 6. november). Nye næringer: Trelast og bergverk. Norgeshistorie.no. https://www.norgeshistorie.no/kirkestat/1105-nye-naringer-trelast-og-bergverk.html

Nyhus, A. (u.å.) Røros Kobberverk. Verdensarven Røros bergstad og Circumferensen. Hentet 26. mai 2025 fra https://verdensarvenroros.no/roros-kobberverk

Austnes, A. Privilegiene. Verdensarven Røros bergstad og Circumferensen. Hentet 26. mai 2025 fra https://verdensarvenroros.no/privilegiene

Skrive av Hans Nissen. Rettshavar: Statsarkivet i Trondheim.
Sist oppdatert 28.05.2025