Hopp til innhald

Fagstoff

Oppbygginga og funksjonen til lymfesystemet

Lymfesystemet har som oppgåve å samle opp overflødig væske og fange opp partiklar som har trengt ut av blodårene. Lymfesystemet er òg ein viktig del av forsvaret til kroppen mot mikroorganismar.

Oppgåva til lymfa

Saman med sirkulasjonssystemet er lymfesystemet eit stort system som omkransar heile blodåresystemet vårt. Lymfa er fargelaus, og ho har som oppgåve å samle væska som er overflødig, frå blodårene.

Lymfa fraktar protein vekk frå vevet og verkar som eit transportsystem for kvite blodlekamar. Protein som ikkje kan absorberast frå vevet på annan måte, er det viktig at lymfevæska tek seg av. Noko av lymfevæska blir tømt tilbake til blodsirkulasjonen og noko sirkulerer. Vi har heile tida 2–3 liter lymfevæske i kroppen.

Lymfesystemet har òg som oppgåve å transportere feitt frå tarmtottane i tarmen og ut i kroppen. Tarmtottane i tynntarmen har lymfeårer der oppgåva til lymfa er å frakte feittet bort frå tarmen. I den siste delen av tynntarmen er feittet spalta, og feittsyrer og glyserol frå feittet blir soge opp og frakta til lymfeårer og over til blodårer. Levra er òg sentral her.

Lymfesystemet består av:

  • lymfeknutar
  • lymfeårer
  • milten
  • lymfatisk vev

Lymfekjertlane finst i:

  • armholene
  • halsen
  • buken
  • lysken

I dei ulike kjertlane skjer det mykje filtrering av stoff som kan skade kroppen viss lymfa ikkje tek hand om dei. Lymfa er livsviktig for å fjerne mikroorganismar og blodceller som ikkje er i bruk lenger.

Lymfeårer

Når væske siv ut i vevet frå blodet, blir det soge opp av lymfesystemet som består av lymfeårer. Lymfeårene startar i vevet, og lymfa blir filtrert gjennom lymfeknutar. Knutane fangar opp bakteriar, virus og avfallsstoff. Immunforsvaret vårt sørgjer for eit samspel mellom blodet og lymfa som gjer at kroppen handterer stoff som ikkje er gunstige å ha i kroppen.

Vil du vite meir? Sjå Lymfesystemet på 60 sekunder på YouTube. Laga ved fakultet for helsevitskap, OsloMet – storbyuniversitetet.

Kjeld

Fossum, S. (2019). Lymfe. I Bolstad, E. (Red.), Store medisinske leksikon. Henta 11. juni 2020 frå https://sml.snl.no/lymfe

CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2020

Læringsressursar

Lymfesystemet