Hopp til innhald

Fagstoff

Dei fem sansane

Visste du at vi har fem sansar? Sansane er viktige for at vi skal kunne vurdere inntrykk frå omgivnadene. Sansane gir oss informasjon som nervesystemet må omarbeide og tolke.
Gut luktar på gul blomster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fem sansane

Dei fem klassiske sansane er:

  • synssansen
  • høyrselssansen
  • luktesansen
  • smakssansen
  • berøringssansen (følesansen)

Synssansen

Auga våre har ein viktig funksjon. I kvardagen oppfattar vi og tolkar alt frå kroppsspråk til bilar i trafikken. Auga våre er runde og får raskt med seg hendingar frå sida, frå lufta og på bakken.

Lukk auga litt og kjenn etter kva sans som forsterkar seg når du ikkje ser. Er det høyrselssansen hos deg, eller er det ein annan sans?

Synet

Synssansen er den sansen som er mest dominerande når det gjeld å oppfatte omverda. Netthinna får synsinntrykk som blir sende til synsnerven og synsbanane.

Netthinna består av sanseceller, stavar og tappar. Tappane ligg på netthinna i eit området som blir kalla "den gule flekken". Tappane treng mykje lys. Stavane dekker resten av netthinna og oppfattar rørsler og farar raskt, men treng ikkje mykje lys for å fungere. Frå netthinna går informasjonen vidare til synsnerven, og i synssenteret blir signala tolka til bilete og gir meining.

Synsorganet består av:

  • auget
  • synsnerven og synsbanane
  • synssenteret i hjernen
Samandrag av videoklippet

Programleiaren har på seg eingongshanskar og verneklede. Ho held opp to kuauge og seier at inni er dei ganske like menneskeauga, og at vi finn noko av det aller viktigaste under ei hinne på auget. Ho skjer opp det eine auget med ein skalpell. Ho fjernar det som blir kalla glaslekamen, ein blank gelé, og plukkar ut linsa.

Ho held linsa i handa, det er ei blank kule. Ho fortel at ho er med på å samle lysstrålane som kjem inn, slik at synscellene bak i auget kan oppfatte verda rundt. Fordi linsa er konveks (bøygd utover), verkar ho som eit forstørringsglas. For å vise dette flyttar programleiaren linsa over eit ark med skrift på. Bokstavane under linsa blir større.

Så spør ho kva som skjer viss ho vil sjå verda gjennom kulinser. Ho tek fram ståltråd for å lage briller. Ho tvinnar ståltråden slik at det blir rom til linsene frå kuauga, legg dei i og prøver brillene. Ho ser ingen ting. Det er fordi ho ikkje treng briller, forklarer ho, men for gamle folk som gjerne ser dårleg på nært hald, hadde nok desse brillene vore supre.

Høyrselssansen

Øyra våre er plasserte slik dei er, av ei hensikt. Øyra har som oppgåve å fange opp lydar slik at vi kan kommunisere med andre og høyre ein fare som er på veg. Det er òg mange sanseceller på og i øyra som skal gi oss rask reaksjon for å verne hovudet og hjernen.

Øyret består av:

  • det ytre øyret
  • mellomøyret
  • det indre øyret

Øyra er forma slik dei er, for å fange opp lyden. Ta hendene dine og krum dei over øyra. Kva skjer med lyden då?

Korleis blir lydar til?

Lydbølger følger øyregangen og når trommehinna. Trommehinna byrjar å vibrere/svinge. Vibrasjonane blir overførte til hammaren i mellomøyret og forplantar seg vidare til ambolten og stigbøyelen. I det ovale vindauge i det indre øret ligg stigbøyelen. Inni sneglehuset er det væske som rører seg når vibrasjonen frå trommehinna og stigbøyelen går føre seg. Dette set igang ein prosess i sansecellene, som her i øyret er hårceller. Dei ulike hårcellene har som oppgåve å gi hjernen beskjed om ulike lydar. Nokre lydar kan vi filtrere bort, og andre kan vi høyre tydelegare.

Balanse og likevekt

I øyret har vi òg ein annan sans som blir kalla likevektssansen. Balanseorganet sit i det indre øret og regulerer balansen din. Sjukdommar og tilstandar i øyret kan gi svimmelheit og ubehag. Har du prøvd å snurre rundt på golvet og vorte svimmel? Når du set deg ned og kviler, vil denne sansen sørge for at du kjem til deg sjølv att. Denne sansen er viktig for at musklane skal justere seg om du kjem ut av stabil stilling og held på å falle, eller når du skal orientere deg på kva som er opp og ned.

Luktesansen

Lukter du blomstrar om sommaren, krydder i maten eller kan du lukte deg fram til ein bestemd person? Vi har ulik grad av luktesans, nokon har sensitiv luktesans og andre reagerer mindre på lukter. Luktesansen har som funksjon å gi informasjon til hjernen som igjen omarbeider og reagerer på om det er ei god lukt, eller om det kan vere ei farleg lukt. Til dømes gir lukta av god mat oss matlyst, medan lukta av gass og farlege stoff gjer at vi vil prøve å unngå å puste det inn.

Har du lukta på røyk anten frå noko som er svidd inne eller røyk ute? Korleis reagerte du då?

Sansecellene som oppfattar ulike lukter, ligg øvst i nasen. Det ligg òg sanseceller i fremre del av nasen, og dei skal oppfatte farar raskt. Saman med smakssansen utgjer dei ein viktig del av sansesystemet.

To kvinner luktar på mat i ei gryte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Smakssansen

Smak blir oppfatta av smakslaukane på tunga. Salt, søtt, surt, bittert og umami er dei smakane vi oppfattar. Smak er ofte forbunden med kjensler. Vi opplever sterk smak som skremmande dei første gongene, mens søt smak opplever dei fleste som ei god kjensle. Bittert og surt vil gi dei aller fleste frysningar, og ein kan grue seg til neste gong ein et ein sitron. Det er fordi kroppen hugsar korleis det smakte, og reagerer deretter neste gong. Det er òg mange kjensler knytte til munnen, og det er mange sanseceller på leppene. Mange seier dei ikkje liker konsistensen av blåskjel, peanøttsmør, brunost, rogn eller kolsyre frå brus. Dette blir då ofte forbunde med smakar, og ein seier ein ikkje liker det.

Barn bør bli introduserte for mange ulike matvarer når dei veks opp, og reaksjonen til ein vaksen bør vere nøytral, slik at barnet sjølv lærer seg å oppfatte smakar.

Det kan hende du skal jobbe i barnehage og servere fisk og blåskjel. Viss du ikkje liker det sjølv, korleis vil du framsnakke fisk til barna?

Berøringssansen (følesansen)

Ei berøring fører til ei kjensle, anten god eller dårleg eller noko midt imellom. Ei berøring på hud, hår og negler vil føre til ei oppfatning av noko. Vi har ulike nerveceller som gir signal til hjernen om korleis vi skal reagere. Nokon reagerer positivt på ei venleg berøring som ein klem eller venleg berøring på armen når ein møtest. Andre oppfattar det som vanskeleg, skremmande eller ufint. Det handlar om erfaringane våre og korleis vi tolkar berøringa. Ei god berøring skaper gode kjensler, og vi blir glade.

Har du vorte klødd på ryggen eller på armen og ønskt at det skulle halde fram? Eller har du vorte dytta på i kø og opplevd at du ville flykte?

Dette er signaloverføring frå ei nervecelle. Signala går frå reseptorar og til hjernen i signalvegar som består av nerveceller. I huda vår ligg det tett i tett med nerveceller, slik at når vi blir ramma, skal signala gå til hjernen som omarbeider signala og vi kan reagere.

Temperatursans

Vi har òg ein sans som blir kalla temperatursansen. Han har som oppgåve å reagere på temperaturforandringar. Det er ulike nervefibrar som er temperaturfølsame, og som seier frå til hjernen slik at vi kan handtere dette og unngå å bli for varme eller for kalde.

Kjelder

Baumann, H. (2020). Berøringssans. I Bolstad, E. (Red.), Store medisinske leksikon. Henta 6. juni 2020 frå https://sml.snl.no/berøringssans

Gopler, F. K. (2020). Likevektssansen. I Bolstad, E. (Red.), Store medisinske leksikon. Henta 12. juni 2020 frå https://sml.snl.no/likevektssansen

Jansen, J. & Glover, J. (2019). Smakssans. I Bolstad, E. (Red.), Store medisinske leksikon. Henta 6. juni 2020 frå https://sml.snl.no/smakssans

Jansen, J. (2020). Temperatursans. I Bolstad, E. (Red.), Store medisinske leksikon. Henta 12. juni 2020 frå https://sml.snl.no/temperatursans

Sanvig, K. (2019). Syn. I Bolstad, E. (Red.), Store medisinske leksikon. Henta 6. juni 2020 frå https://sml.snl.no/syn

Winther, F. Ø. (2018). Luktesans. I Bolstad, E. (Red.), Store medisinske leksikon. Henta 6. juni 2020 frå https://snl.no/luktesans

Winther, F. Ø. (2020). Hørsel. I Bolstad, E. (Red.), Store medisinske leksikon. Henta 6. juni 2020 frå https://sml.snl.no/hørsel

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 29.08.2023

Læringsressursar

Sansesystemet