Hopp til innhald

Hygiene og smittevern

For å unngå sjukdom og lidingar i befolkninga er det viktig med god hygiene og rutinar for smittevern. Som fagarbeidar i helse- og oppvekstsektoren har du eit ekstra ansvar for at retningsliner blir følgde nøye.

Grunnleggjande hygiene

Grunnleggjande hygiene er viktig for å førebyggje sjukdom og lidingar i befolkninga. Å ha kunnskapar om hygiene og smitte er vesentleg for ein som skal jobbe med menneske.