Oppgåve
Smittekjelder i nærmiljøet
I løpet av ein dag er hendene våre i kontakt med mange moglege smittekjelder både heime og ute. I denne oppgåva skal du kartleggje område i nærmiljøet ditt som blir rørt av mange hender og derfor kan vere ein risiko når det gjeld spreiing av smitte.
Oppgåver
Vel eit område på skulen, praksisstaden din eller heime som blir rørt av mange ulike hender i løpet av ein dag.
- Lag ein presentasjon med bilete eller film som viser området, og forklar korleis dette kan vere ei kjelde for overføring av smitte.
- Demonstrer og forklar rutinar for reingjering som må følgjast for å forhindre at dette blir ei kjelde til smittespreiing.
- Kva kan du sjølv gjere for å forhindre at du får smitte i dette området?
Korleis kan du som fagarbeidar formidle kunnskap om hygiene og smittevern til ulike brukarar?
- barn og ungdom
- vaksne og eldre
- brukarar med kognitiv svikt
- pårørande
Relatert innhald
Fagstoff
HandhygieneKunnskapane til fagarbeidaren om kor viktig god handhygiene er, er avgjerande for helsa og velværet til brukaren.