Hopp til innhald
Fagartikkel

Handhygiene

Kunnskapane til fagarbeidaren om betydninga av god handhygiene er avgjerande for helsa og velværet til brukaren. Hendene er den viktigaste arbeidsreiskapen vi har, og dei blir brukte til både omsorg og pleie.

Riktig handhygiene

Riktig handhygiene er eit av de viktigaste enkelttiltaka for å bryte smittekjeda og hindre at infeksjon oppstår.

Hendene er ein viktig reiskap i møte med brukarar. Hendene blir brukte til mange ulike oppgåver gjennom ein dag, og dei blir brukte til å gi omsorg med. Vi rører ved både ureine og reine kontaktpunkt, noko som inneber at hendene våre kan vere ei sentral transportkjelde for smittestoff.

Riktig handhygiene sikrar at brukaren får den omsorga og pleia han treng, utan at vi utset han for det ubehaget og den lidinga som ein infeksjon kan medføre. Føremålet med riktig handhygiene er å hindre smitte og førebygge sjukdom.

Kunnskap, forståing og innarbeiding av gode rutinar er ein føresetnad for at dette skal fungere.

Riktig handhygiene er eit enkelt, billig og svært effektivt tiltak mot smittespreiing. Her har den enkelte fagarbeidaren eit individuelt ansvar.

Vi skal utføre handhygieneprosedyrar

  • før vi gjer reint arbeid
  • før vi hentar og tek i reint, desinfisert og sterilt utstyr
  • før vi handterer mat
  • før og etter kvar gong vi har fysisk kontakt med pasientar
  • før vi tek på eingongshanskar
  • før og etter at vi har stelt pasientar, reidd senger eller gjort andre prosedyrar
  • etter at vi har vore på toalettet eller pussa nasen
  • etter at vi har rørt ved ureint utstyr som bekken og temperaturmål
  • etter at vi har brukt hanskar

Hugs!

  • Smykke, ringar og naglelakk skal fjernast før arbeidsdagen byrjar. Slik sikrar vi at alle stader på hendene er tilgjengelege for godt og effektivt reinhald. Piercing skal dekkast til etter reglane som gjeld på arbeidsstaden din.
  • Område på hendene som er dårleg reingjorde, gir grobotn for sopp og bakteriar både frå eiga og andre si hud.
  • Hendene bør vere frie for sår og rifter fordi desse kan vere ein mogleg transportveg for smitte. Sår og rifter skal dekkast til etter reglane som gjeld på arbeidsstaden din.
  • Munn og nase bør ikkje dekkast av handflatene når du hostar eller nys. Bruk i staden olbogen din og skift tøy etter reglane som gjeld på arbeidsstaden din.
  • Ta ansvar for eiga handpleie for å unngå ru og sprukne hender.

Handdesinfeksjon

  • Handdesinfeksjon med alkoholbasert desinfeksjonsmiddel er det føretrekte førstevalet for handhygiene.
  • Hendene må vere tørre og frie for synleg smuss dersom ein skal bruke handdesinfeksjon.
  • Bruk så mykje desinfeksjonsmiddel at alle flater blir fuktige, minimum 3 ml.
  • Gni hendene til huda igjen blir tørr.
  • Pass på at tommel, fingertuppar, huda mellom fingrane og handryggen blir dekt.

Handvask

  • Handvask har til føremål å fjerne synleg smuss frå hendene. Det tek 40–60 sekund å utføre effektiv handvask med såpe og vatn.
  • Fukt hendene med vatn og såpe frå dispenser.
  • Fordel såpa godt over heile handflata og handledda.
  • Gni hendene godt. Pass på at tommel, fingertuppar, området mellom fingrane, handflata og handryggen blir dekte av såpe.
  • Skyl av såpa under rennande, lunke vatn.
  • Tørk huda grundig og forsiktig med eingongs tørkepapir.
  • Steng krana med det brukte papiret, eller bruk olbogen eller kneet. Dette hindrar at hendene blir påførte "nye" mikroorganismar.
  • God handvask kan gi ein mikrobereduksjon på inntil 99 prosent.

I starten av denne filmen kan du sjå korleis sjukepleiaren utfører handvask før bruk av smittevernutstyr.

Video: Filmkonsulentene, Extreme Music / CC BY-NC-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. Forklar med dine eigne ord kva ein meiner med god handhygiene.
  2. Når vil du bruke handvask, og når vil du bruke handdesinfeksjon? Grunngi svaret.
  3. Kvifor er det viktig å fjerne smykke, ringar og naglelakk når du skal sikre god handhygiene?
  4. Kva kan motivere deg til god handhygiene?
  5. Kvifor trur du nokon sluntrar unna å gjennomføre rett handhygiene?
  6. Lag eit slagord som oppfordrar fagarbeidarar til å bry seg om god handhygiene.

Relatert innhald

Skrive av Marit Smith Sørhøy og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2024