Mikrobiologi - Naturfag (HS) - NDLA

Hopp til innhald
Forelesing og presentasjon

Mikrobiologi

Skal du arbeide med mat og drikke, har du eit stort ansvar for ikkje å servere helseskadeleg mat. God kunnskap om mikroorganismar og vekstvilkåra deira er viktig for at du skal kunne lage mat som er trygg å ete.
Video: Amendor AS / CC BY-SA 4.0

Mikroorganismar

Mikro tyder "liten", og mikrobiologi er læra om små levande vesen som bakteriar, virus og sopp. Vi treng mikroskop for å kunne sjå desse. Dei finst i og utanpå kroppen vår og hjelper oss med å halde oss friske. Dei fleste mikroorganismane er nyttige og bidreg til det naturlege krinslaupet i naturen.

Vi kan bruke mikroorganismar til å lage mat og medisinar. Nokre få mikroorganismar kan gjere oss sjuke og til og med ta livet av oss.

Det er viktig å ta vare på dei nyttige mikroorganismane, samtidig som vi ikkje blir utsette for dei skadelege.

Typar av mikroorganismar

  • bakteriar
  • sopp
  • virus
  • protozoar
  • algar

Bakteriar og sopp i produksjon av mat

Bakteriar er dei mikroorganismane som gir oss dei største utfordringane i matproduksjonen. Bakteriar finst i jord, vatn, dyr og menneske. Dei fleste råvarene vi bruker i produksjon av mat, inneheld ingen eller få bakteriar. Det er når vi haustar, slaktar, mjølkar og tilarbeider råvarer, at bakteriar frå omgivnadene kjem inn i råvarene. Det er derfor viktig at alle ledd i matproduksjonen er sikra med kunnskap og system som gjer produkta trygge, samtidig som den gode smaken blir teken vare på.

Inndeling ved produksjon av mat

Grupper

Namn på mikroorganismar

Nyttige mikroorganismar som kan brukast som medisin og til framstilling av ulike produkt

Ulike artar av Laktobacillus, Streptococcus, muggsopp og gjærsopp

Mikroorganismar som øydelegg matvarer

Pseudomonas, Shewanella, Aeromonas, mikrokokkar og enterokokkar, bakteriofagar og variantar av muggsopp og gjærsopp

Mikroorganismar som gjer oss sjuke (patogene mikroorganismar)

Campylobacter, Salmonella, Listeria, Bacillus cereus, Staphylococcus aureus, Yersisia og patogene virus

Lenkje til hygieneforskriften hos Lovdata

Skrive av Gro Birgitte Eriksson og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 20.12.2023