Fagartikkel
Operatørinstruks
Operatør er eit omgrep som har erstatta det gamle omgrepet "arbeidar" og som no omfattar meir. Omgrepet er kjønnsnøytralt og seier ikkje noko om utdanning og kompetanse.
Ein operatør kan vere alt frå ein høgt spesialisert sveisar til ein ufaglært som går som hjelpearbeidar. Ein operatør utfører ein operasjon.
På skulen din har du eit skulereglement. Vi kan seie at dette svarer til den operatørinstruksen du vil få når du går ut i arbeidslivet.
Når ein operatør er tildelt eit arbeid, har han plikt til og ansvar for å utføre arbeidet i samsvar med følgjande rutinar:
- Melde frå til arbeidsformann ved feil eller manglar på produktet eller produksjonsunderlaget.
- Kontrollere rett dimensjon og kvalitet på material/materiell.
- Kontrollere måleutstyr ved serieproduksjon.
- Kontrollere jiggar og malar før produksjon startar og kontakte formann som skal kontrollere første eininga ved serieproduksjon.
- Utføre sveising i samsvar med SPS- eller H.M.V.-sveisestandard.
- Utføre arbeidet fagmessig, avgrade og avpusse produktet.
- Gi melding til arbeidsformann ved overordna kontroll. Utføre og dokumentere med dato og signatur for eigenkontroll i samsvar med teikningar og/eller prosedyrar før neste operasjon tek til. Neste operatør skal ikkje påbyrje arbeidet før den førre har kontrollert og signert. Sørgje for at arbeidsordre blir sendt med produktet.
- For operatørar som utfører spesielle prosessar som sveising og overflatebehandling, skal desse operasjonane alltid bli kontrollerte i samsvar med spesifiserte prosedyrar eller arbeidsstandardar.
- Registrere avvik og forslag til endringar, om nødvendig i samarbeid med arbeidsformann.
- Bruke nødvendig og tilgjengeleg verneutstyr.
- Registrere forbruk av tid som har gått og tid som har gått med til heft.
- Innrette seg etter og følgje gjeldande arbeidstid og pausar.