Hopp til innhald

Fagstoff

Jobben – ein stad å vere

Her skal du lære meir om kva som er eit godt arbeidsmiljø og korleis vi kan skape trivsel på arbeidsplassen.
Glade kollegaer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det gode arbeidsmiljøet

For mange står trivsel på jobben høgt på ønskelista. Både familie, helse og økonomi er mindre viktig for å skape eit godt liv enn å vere tilfreds på jobben.

Ei gruppe menn i arbeidstøy sit i samtale på eit kontor. I forgrunnen sit en mann og ser på to dataskjermar. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er godt dokumentert at det totale arbeidsmiljøet har mykje å seie for motivasjon, helse, sjukefråvær, trivsel og produksjon. Eit godt arbeidsmiljø må derfor ha god balanse mellom dei personlege behova til medarbeidarane og behova til verksemda (bedrifta).

Den første arbeidarvernlova i moderne tid kom i 1892. Seinare har vi hatt store revisjonar med 20–30 års mellomrom, i samsvar med velstandsutviklinga. Åtte timars normalarbeidsdag vart lovfesta i 1919.

Arbeidsmiljølova (AML)

Arbeidsgivaren skal passe på at retningslinjene i arbeidsmiljølova blir følgde opp. Arbeidsmiljølova har til formål

  • å sikre eit arbeidsmiljø som gir grunnlag for ein helsefremmande og meiningsfylt arbeidssituasjon, som gir full trygging mot fysiske og psykiske skadeverknader, og med ein velferdsstandard som heile tida er i samsvar med den teknologiske og sosiale utviklinga i samfunnet
  • å sikre trygge tilsetjingsvilkår og likebehandling i arbeidslivet
  • å leggje til rette for tilpassingar i arbeidstilhøvet som knyter seg til føresetnadene og livssituasjonen til kvar arbeidstakar
  • å gi grunnlag for at arbeidsgivar og arbeidstakarar i bedriftene sjølve kan ta hand om og utvikle arbeidsmiljøet sitt i samarbeid med partane i arbeidslivet og med nødvendig rettleiing og kontroll frå offentleg astyresmakt
  • å medverke til eit inkluderande arbeidsliv

Skoleungdommar set pris på å få tilbakemelding frå lærarane på sine prestasjonar. Slik er det også i arbeidslivet. Arbeidstakarane ønskjer tilbakemelding – ros og ris – frå leiaren på korleis dei gjer jobben sin.

Psykososialt arbeidsmiljø

Noreg har vore eit føregangsland når det gjeld psykososialt arbeidsmiljø, ikkje minst på grunn av psykologen Einar Thorsrud. Han stod i brodden for eit samarbeidsprosjekt mellom Landsorganisasjonen i Noreg (LO) og Norsk Arbeidsgiverforening (NAF, i dag NHO) i 1960-åra. Dette forskingsarbeidet ligg til grunn for delar av arbeidsmiljølova.

Arbeidsmiljølova set desse krava til det psykososiale arbeidsmiljøet:

  1. Arbeidet skal leggjast til rette slik at ein sikrar integriteten og sjølvrespekten til kvar av arbeidstakarane.
  2. Arbeidet skal utformast slik at det gir høve til kontakt og kommunikasjon med andre arbeidstakarar i verksemda.
  3. Arbeidstakarane skal ikkje utsetjast for trakassering eller anna usømeleg framferd.
  4. Arbeidstakarane skal så langt råd er vernast mot vald, trugsmål og uheldige påkjenningar som følgje av kontakt med andre.

Når arbeidet er lagt til rette etter desse krava, skal det vere mogleg å oppnå eit meiningsfylt arbeid.

Les meir om krav til det psykososiale arbeidsmiljøet på lovdata.no

Les meir om krav til det fysiske arbeidsmiljøet på lovdata.no

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

HMS for arbeidstakaren