Hopp til innhald

Fagstoff

Tenne og sløkke gassbrennaren

Gassbrennaren blandar ein brennbar gass (acetylen) med oksygen, som saman utgjer ei svært brennbar gassblanding. Du må derfor kjenne til korleis du tenner og sløkker denne gassblandinga på ein sikker måte.

Sikker bruk av gassbrennar

For å tenne ein gassflamme er det viktig at du har rett trykk for acetylen og oksygen fram til sveisebendet. Rett trykk kan du lese av i tabellen som følger med sveisebendet. Du finn også tabellar for sveisebend, trykk og gassvolum i verkstadhandboka.

Du kan velje ulike typar sveisebend ut frå kor høg varme du ønsker. Det er den indre diameteren på sveisebendet som bestemmer kor stort volum av gassblandinga som strøymer gjennom bendet. Jo meir gassblanding som strøymer gjennom, jo høgare varme får du.

Viss du bruker sveisebend av typen X21, skal trykket på både oksygen og acetylen vere 0.3 bar.

Tenning av gassbrennaren

Slik tenner du gassbrennaren på ein sikker måte:

  • Sjekk at sveisebendet er rett ut frå tjukkleiken på arbeidsemnet ved å sjå på tabellen.

  • Sjekk tabellen for å finne ut kva gasstrykk som skal brukast med det valde sveisebendet.

  • Still inn rett gasstrykk for oksygen og acetylen.

  • Kontroller at ventilane på gassbrennaren er lukka.

  • Opne ventilane på gassflaskene, gassrøyrgata eller gassentralen.

  • Opne oksygenventilen på gassbrennaren.

  • Opne brenngassventilen (acetylen) på gassbrennaren.

  • Tenn gassbrennaren med gasstennaren.

Bruk av gassbrennaren

For at du skal bruke gassbrennaren på ein trygg og sikker måte, er det viktig at du

  • finjusterer gassflammen sånn at du får optimal flamme

  • held gassflammen på tilstrekkeleg avstand frå arbeidsemnet

  • ikkje rettar gassflammen mot andre objekt enn det du skal jobbe på

  • passar på at gasslangane ikkje blir utsette for varme

Sløkking av gassbrennaren

Det er viktig å sløkke gassbrennaren på rett måte for å unngå tilbakeslag. Slik gjer du:

  • Steng brenngassventilen (acetylen) på gassbrennaren.

  • Steng gassentral-, vegg- eller gassflaskeventilane.

  • Steng oksygenventilen på gassbrennaren.

  • Opne brenngassventilen på gassbrennaren for å sleppe ut trykket som er i slangen.

  • Steng brenngassventilen.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 24.10.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for gassbrennar