Hopp til innhald

Produktivitet og kvalitetsstyring (TP-TIP vg1)

Kommunikasjon

Alle menneske har behov for kontakt med andre og for å dele tankar, erfaringar, følelsar og ønske. Denne kontakten og utveksling av informasjon kallar vi kommunikasjon. Dei som deltek i ein diskusjon, må samarbeide. Dei må vere ærlege med kvarandre og gjere sitt beste for å forstå kvarandre rett.

Kva er kommunikasjon?

Vi har ulike former for kommunikasjon. Det kan vere envegskommunikasjon eller dialog. Vi bruker ord både munnleg og skriftleg. Samtidig kan vi kommunisere gjennom kroppsspråk, toneleie, bilete og korleis vi kler oss.

Læringsressursar

Kva er kommunikasjon?