Omrekningsfaktor
Fangstkvotar blir gitt og avrekna i rund vekt. Rund vekt er vekt på fisken slik han er når vi tek han opp av havet, før sløying og anna behandling. Det er ulike faktorar for ulike fiskeslag, og faktoren kjem an på kva slags behandling som er gjord med fisken før levering.
Torsk blir sløgd og hovudkappa før han blir levert til mottaket, og det er først då han blir vegen. Vi må kunne rekne om slik at mengda fisk som er fiska, stemmer med kvoten. Det finst ein eigen tabell frå Fiskeridirektoratet med offisielle norske omrekningsfaktorar for fisk. For torsk er denne omrekningsfaktoren 1,5.
Døme 1
Eit fartøy leverer 10 000 kg sløgd og hovudkappa torsk til eit mottak. Kva var rund vekt til denne fangsten?
Løysing
Rund vekt var
Døme 2
Eit fartøyet har ein torskekvote på 63 730 kg rund vekt. Kor mykje ferdig sløgd og hovudkappa fangst kan dei levere?
Løysing
Dei kan levere maksimalt
Oppgåve 1
Kor mange prosent blir vekta av fangsten redusert med når han blir sløgd og hovudkappa?
Tips
Rekn ut vekstfaktoren ved vektreduksjonen.
Løysing
Vekstfaktoren finn vi ved å dele ny verdi på gammal verdi. Vi bruker tala frå det første dømet og får
Ein vekstfaktor på 0,67 betyr at vekta er redusert med ein faktor på 0,33, sidan
Oppgåve 2
Kva er samanhengen mellom vekstfaktoren og omrekningsfaktoren?
Løysing
Vekstfaktoren er den faktoren vi multipliserer eit tal med for å rekne ut kva det blir endra til ved ei bestemd prosentvis endring. Når vi no veit at fangsten blir redusert med 33 prosent, kunne vi rekna døme 2 slik:
Kvifor fekk vi ikkje heilt same svar som i utrekninga i døme 2? Det er fordi talet for vekstfaktoren er avrunda. Eigentleg er vekstfaktoren brøken
Omrekningsfaktoren er det talet vi multipliserer sløgd og hovudkappa vekt med for å rekne oss tilbake til rund vekt. Då går vi motsett veg. Det betyr at viss vi multipliserer sløgd og hovudkappa vekt først med omrekningsfaktoren og deretter med vekstfaktoren, er vi tilbake til sløgd og hovudkappa vekt:
Ein annan måte å seie det på er at produktet av omrekningsfaktoren og vekstfaktoren er 1, noko som utrekninga over viser.
Fartøyregisteret
Om du kjenner til nokre båtar frå heimstaden din som har kvotar/deltakartilgjenge i lukka fiskeri, kan du gå inn på fartøyregisteret. Du kan leggje inn namn på fartøy, fiskeri-registreringsnummer eller kallesignal. Du vil då få eit oppslag på det aktuelle fartøyet med ei oversikt over tildelt årskvote for fartøyet. Du kan samtidig få oversikt over kor mykje av kvoten som er fiska opp av kvart enkelt fiskeslag. I tillegg får du oversikt over kven som eig fartøyet. Lenkje til Fartøyregisteret finn du nedst på sida.
Offentlege landingsopplysingar
Om du er interessert å vite kva ulike fiskefartøy landar av fangst dagleg, kan du gå inn på nettsidene til Norges råfisklag. Der finn du ei fane for offentlege landingsopplysingar der du kan søkje opp opplysingar om ulike fartøy. Lenkje til landingsopplysingar finn du nedst på sida.
Utbytte i ein produksjonsprosess
Som elev på blått naturbruk vil du mest sannsynleg få lære om vidareforedling av fisk.
Vidareforedling betyr at fersk fisk blir prosessert og/eller konservert til ulike produkt. Døme på ulike konserveringsmetodar er at fisken blir omsett vidare som fersk, filet, frose, røykt, tørrfisk, lutefisk, saltfisk eller klippfisk. I tillegg finst det ei rekkje ferdigprodukt som blir laga av fisk.
I tillegg til å kjenne omrekningsfaktoren er det viktig å kjenne til utbyttet i produksjonen. Godt utbytte er viktig for det økonomiske resultatet. Utbyttet er kor mange prosent av vekta som er igjen etter ein av desse prosessane, til dømes ved sløying og hovudkapping.
Oppgåve 3
Rekn ut utbyttet ved sløyinga og hovudkappinga av fangsten i døme 1 over.
Løysing
Vi må altså finne ut kor mange prosent 10 000 kg er av 15 000 kg. Då set vi opp forholdet mellom tala og multipliserer med 100 prosent.
Dette hadde vi alt funne ut i oppgåve 1, for når fangsten har redusert vekta med 33 prosent, betyr det at det er 67 prosent igjen.
Slik kan du rekne ut utbytte:
Oppgåve 4
Finn ein formel for omrekningsfaktoren basert på utbyttet.
Løysing
I oppgåve 2 fann vi ut at produktet av omrekningsfaktoren og vekstfaktoren er lik 1. Det betyr at
Sidan vi får vekstfaktoren ved å dividere utbyttet med 100, kan vi skrive
Så multipliserer vi med fellesnemnaren (100) på begge sider og delar på utbyttet etterpå.
Du kan lese meir om ulike produkt og rekne på utbytte på desse sidene:
Fiskefilet
Saltfisk og klippfisk
Tørrfisk
Relatert innhald
Nettside hos fiskeridir.no
Relatert innhald
Nettside hos rafisklaget.no
Nettside hos fiskeridir.no