Kva er avanse?
Avanse er noko ei bedrift kan leggje til inntakskosten for eit produkt for å berekne salsprisen. Avansen skal bidra til å dekkje dei indirekte kostnadene og forteneste, og blir rekna i prosent av inntakskosten.
Kva er forholdet mellom avanse og bruttoforteneste?
Avanse og bruttoforteneste er det same i kroner, men dei er ulike i prosent. Medan vi reknar avansen i prosent av inntakskosten, reknar vi bruttofortenesta i prosent av salsinntektene utan meirverdiavgift.
Prøv sjølv!
Forklar kvifor bruttoforteneste og avanse er det same i kroner.
Forklaring
Sidan differansen mellom salsinntekter utan meirverdiavgift og inntakskost er det same som summen av indirekte kostnader og forteneste i sjølvkostkalkylen, blir bruttofortenesta lik avansen.
Døme
Kor stor avanse som blir brukt, varierer mykje frå bransje til bransje, og er mellom anna avhengig av kor stor del av kostnadene til bedrifta som er indirekte kostnader.
Vi bruker tannkrem som eit døme. La oss gå ut frå at inntakskosten for ein tube tannkrem er 15 kroner. Daglegvarebutikkar har relativt sett forholdsvis låge indirekte kostnader og bruker derfor ein låg avansesats. Vi går ut frå at dei legg til 20 prosent avanse.
Kalkulasjon | Prosent | Kroner |
---|---|---|
inntakskost | 15 kr | |
+ avanse | 20 % av 15 kr | 3 kr |
= salspris utan meirverdiavgift | 18 kr | |
+ meirverdiavgift | 25 % | 4,50 kr |
= pris med meirverdiavgift | 22,50 kr |
I dømet er avansen 3 kroner, eller 20 prosent av inntakskosten. Dermed er bruttofortenesta òg 3 kroner. Men kor mange prosent er ho?
Tips
Kva tal skal bruttoforteneste-prosenten reknast av?
Løysing
Vi må finne ut kor mange prosent bruttofortenesta er av salsprisen utan meirverdiavgift.
Fagomgrep
- Avanse
- er eit tillegg som skal bidra til å dekkje dei indirekte kostnadene og forteneste, og blir rekna i prosent av inntakskosten.
- Bruttoforteneste
- er differansen mellom salsinntekter utan meirverdiavgift og inntakskost, og blir rekna i prosent av salsinntektene.
- Inntakskost
- er det du betaler for å ta ei vare inn i bedrifta.