Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Arbeidsoppdrag

Visualiser ein produksjonsprosess

Produksjonen av eit medieuttrykk inneber at fleire yrkesgrupper er involverte og samarbeider for å få eit godt produkt.
Personer samarbeider ved et bord i fugleperspektiv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du skal lage ein plakat som syner kva slags arbeid som ligg bak eit medieprodukt. Plakaten skal utformast som informasjonsgrafikk. Det er best å lage han i eit program som er basert på vektorgrafikk.

Tenk over kven som er involvert i ulike faser av ein produksjonsprosess:

  • Før produksjonen: avklaringsfase, planlegging, inspirasjon, idéutvikling og design
  • Under produksjonen: førebuingar, innsamling, redigering og etterarbeid
  • Etter produksjonen: publisering og presentasjon

Som medieprodusent vil du frå tid til anna oppleve å få kundar som synest produktet du sel, er veldig dyrt, eller at det tek for lang tid å få produktet ferdig. Plakaten skal forklare arbeidet som ligg bak eit medieprodukt, og forsvare tidsbruken og produksjonskostnadene til medieproduktet du vel.

Om informasjonsgrafikk

Informasjonsgrafikk, ofte forkorta til infografikk, er grafikk som har som mål å formidle eit utval fakta til ei målgruppe ved hjelp av visuelle teknikkar. Fordelen med å bruke grafikk er at vanskeleg informasjon kan gjerast lettare å forstå og raskare å oppfatte enn om det same blir forklart berre med tekst.

Du kan med fordel jobbe med utgangspunkt i desse fire punkta:

  • design – utsjånad og lesbarheit
  • innhald – informasjon og fakta
  • historieforteljing – korleis du strukturerer og presenterer innhaldet
  • publisering og presentasjon – kvar og korleis det blir delt og vist

Arbeidsoppdraget

  1. Bestem deg for kva slags medieprodukt du vil presentere.
    Nokre forslag:
    • ei avis
    • ei bok
    • ein nettstad
    • ein radioreklame
    • ei nyheitssending på TV eller radio
    • ein film
    • ein app
    • eit anna medieprodukt (etter avtale med læraren din)
  2. Spesifiser nærmare kven som står bak medieproduktet, kva mål dei har, kva slags sjanger dei jobbar innanfor, og korleis medieproduktet skal brukast.
  3. Gjer research om medieproduktet og finn ut korleis det blir laga. Kva yrke er involvert? Kva skjer – og i kva rekkjefølgje? Kven må samarbeide? Kven tek avgjerder?
  4. Prøv å strukturere informasjonen slik at han blir så tydeleg som mogleg.
  5. Teikn skisser og prøv å finne ut korleis du kan vise det du har funne ut, på ein lettfatteleg måte. Fungerer det best med breidde- eller høgdeformat på plakaten?
  6. Kva kan forklarast med bilete, og kva trengst av tekst? Finn ut kva slags ikon og symbol du treng.
  7. Set opp plakaten i eit program som lagar vektorgrafikk. Du bestemmer sjølv formatet.
  8. Lag ikona du skal bruke, og skriv inn teksten du treng.
  9. Bruk det du kan om komposisjon, typografi og fargar, til å lage ein plakat som fungerer godt visuelt.
  10. Skriv ut plakaten og heng han opp i klasserommet.
Personer som bygger en nettside. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2017