Lag presentasjon
CC BY-SA 4.0Presenter medieproduktet du har laga om ytringsfridom for resten av klassen. Lag ein digital presentasjon.
- Kva verkemiddel har du brukt for å få fram temaet og bodskapen? Vis til konkrete døme.
- Innhaldskategori og sjanger: I kva kategori og sjanger vil du plassere medieproduktet ditt? Er det journalistikk, kommunikasjonsarbeid, marknadskommunikasjon eller underhaldning? Peik på sjangertypiske trekk ved produksjonen.
- Målgruppe: Kven er målgruppa di? Kva verkemiddel har du brukt for å nå fram til målgruppa? Vis til konkrete døme frå produksjonen.
- Etikk og lovverk: Korleis har du retta deg etter etiske retningslinjer i produksjonen? Korleis har du opptredd med omsyn til opphavsrett?
- Kjeldebruk: Vurder din eigen kjeldebruk. Har du dokumentert og vist til kjelder på ein medviten måte?
- Eigenvurdering: Vurder medieproduksjonen. Kva fungerer bra, og kva fungerer mindre bra i denne produksjonen?