Studer YouTube-bannera til tre valfrie artistar eller band
Både stilhistoriske epokar og trendar oppstår gjennom at fleire kunstnarar eller designarar produserer uttrykk med bestemde fellestrekk. Når mange brukar eller lar seg inspirere av ein stil, blir han ein trend. Trendar og stilepokar er med andre ord ikkje planlagde, men blir til ved at ei uttrykksform blir populær og etter kvart får eit namn. Nokre trendar kjem og går i løpet av få månader, mens andre trendar varer i fleire år.
I denne oppgåva skal du studere YouTube-bannera til tre valfrie artistar eller band innan tre ulike musikksjangrar – til dømes pop, indie, rock, metal, rap eller country. Ta utgangspunkt i YouTube-bannera og gjer deg opp ei meining om den visuelle profilen til artistane. Du skal sjå om du finn koplingar til stilhistoriske epokar eller dagsaktuelle trendar.
Nokre banner er enkle og har berre tekst eller eit bilete av artisten, mens andre kombinerer fleire designelement. Uansett gir dei nyttig informasjon om korleis artisten ønsker å framstå.
Ta for deg kvart enkelt av dei tre bannera og noter stikkord om kva banneret fortel om artistane og musikken dei lagar.
Bruk gjerne adjektiv.Bruk fagomgrep til å beskrive stilen i kvart banner.
Sei noko om
– typografiske val
– biletval
– fargebruk
– bruk av symbol og ikon
– komposisjon og ordenKjenner du igjen nokon stilhistoriske epokar eller trendar i bannera? Skriv ned kva stilar du kjenner igjen.
Søk gjerne på nettet for å sjå om du finn fleire stilar som kan passe inn. Kva stemmer med stilane du har funne, og kva er annleis?Sjekk om artisten har ein nettstad. Kva har YouTube-banneret til felles med det visuelle uttrykket på nettstaden? Er det nokon forskjellar i stil mellom YouTube-banneret og stilen på nettstaden?
Kva for eit av YouTube-bannera til dei tre artistane meiner du representerer artisten best, og kvifor?