Undersøk referansar og lisensar
Ulike lisensar gjeld og må kunne visast for innhaldet i ein artikkel som er sett saman av bilete, tekst og video.
Kva for ulike lisenser har dei ulike delane av innhaldet i artikkelen Veiviseren (Ofelaš) ?
Forfattarane av artiklar i Store norske leksikon kan sjølve bestemme kor åpen lisens dei ønsker å sette på sitt eige arbeid. Tekst, illustrasjonar og bilete kan òg her ha ein annan lisens enn teksten. I artikkelen finn du òg nokon referansar og tips til vidare lesing.
Kva slags ulike lisensar og referansar finn du i denne artikkelen Store norske leksikon: Aftenposten ?
Artiklar på Wikipedia har open lisens. Finn du han? Korleis blir referansar førte opp? Finn du ulike måtar det blir gjort på?
Undersøk til dømes denne artikkelen: Wikipedia: Leonardo da Vinci.
I journalistisk arbeid kan referansar til kjelder vere meir direkte og personlege, og mindre formaliserte. Kan du finne ut korleis det slår ut i artikkelen nedanfor? Kan du identifisere rettigheitshavarar til bilete og tekst? Finn du elles nokre tegn til lisensar?
Forskar slår alarm: – 15-åringar slit med å finne fram på nett
Finn fram til ei TV-nyheitssending på nett. Sjå gjerne gjennom fleire nyheiter. Korleis blir det referert til kjelder? Korleis er opphavsrettiar synleggjort? Finn du oppgitte lisensar?
- Oppsummer arbeidet dykkar i plenum.
- Diskuter kva som er skilnaden på bruk av referansar og lisensar i elevarbeid, i kunnskapsartiklar og i journalistikk.
- Drøft kvifor desse skilnadane finnast.