Hopp til innhald

Fagstoff

Kjeldekritikk av bilete

Ein av dei beste metodane for å avsløre om ei historie er falsk, er å undersøke bileta som følger historia.

Er biletet publisert tidlegare?

Den 23. desemberen 2015 vart det publisert ein artikkel på Mysterious Universe, der det vart påstått at arkeologar hadde funne ei leirtavle som likna på ein mobiltelefon. Det vart hevda at han var frå år 1300 før Kristus.

Nyheita spreidde seg raskt på internett. Over 500 nettstader formidla denne nyheita vidare.

Les artikkelen "Ancient Tablet Looks Like Cell Phone With Cuneiform Keys" på The Wayback Machine.

Eit bildesøk er veldig nyttig om du ønsker å finne ut om eit bilete verkeleg førestiller det det skal, eller om nyheita er sann eller falsk.

Gjer eit biletsøk på biletet som følger nyheita

  • Høgreklikk på biletet og vel "Søk etter bilete i Google" i nettlesaren Chrome.

  • Du kan også bruke Google Image og klikke på det vesle kameraet.
  • Du kan også bruke søketenesta TinEye.

Når vart biletet publisert først?

Biletsøketenesta TinEye lar deg sortere bileta frå dei eldste til dei nyaste. I Google sitt biletsøk vel du "Tid" under "Verktøy" for å få bileta sorterte etter tid. Det er ein utmerkt metode for å sjekke på kva tidspunkt eit bilete først vart lagt ut på internett.

EXIF-dataa til biletet

Dersom du tek eit bilete med eit digitalt kamera, blir det lagra informasjon om biletet i biletfila. Desse dataa kallar vi for EXIF-data.

Les meir om kva for data som vert lagra når du tek eit digitalt bilete:

Digital foto: Kameraet ditt røper mer om deg enn du tror

Det finst fleire verktøy du kan bruke for å hente ut slike data frå eit bilete.

teknodag.com: Hvordan hente ut skjult informasjon fra bilder – som kameratype, telefon og hvor bildet er tatt

EXIF-data følger ikkje med bilete som blir lasta opp på Facebook.

Sanninga bak biletet

Nyheita var ikkje sann. Mobilen var ein skulptur laga i Tyskland. I januar 2016 avdekte nettstaden snopes.com denne falske nyheita.

Dette er eit godt døme på korleis eit bilete kan spreie seg på internett og gi grunnlag for falske nyheiter.

Les meir om korleis saka vart avdekt, i artikkelen "Did Archaeologists Dig Up an 800-Year-Old Alien Cellphone? på nettstaden Snopes.

Andre nyttige kjelder

Vil du lese meir om korleis du kan sjekke bilete som kjelder? Les artikkelen "Så viralgranskar du bilder – fyra enkla steg" på The Wayback Machine.

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2019

Læringsressursar

Kjeldekritikk