Hopp til innhald

Fagstoff

Intervju med ei munnleg kjelde

Det er stort sannsyn for at du allereie har gjennomført eit intervju. Har du gjort fleire, synest du kanskje nokre intervju har gått betre enn andre.
To kvinner jobbar med laptop. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Journalistar er profesjonelle handverkarar når det gjeld å skaffe informasjon frå munnlege kjelder. Informasjonsmedarbeidarar bruker også gjerne journalistiske arbeidsmåtar i arbeidet sitt. I research-fasen til produksjon av reklamefilm, i TV-underhaldning eller i radioreportasjar er ei journalistisk tilnærming til det å hente inn informasjon nyttig. Om du som elev skal snakke med ekspertar for å få inn informasjon til ei fagoppgåve, kan det vere nyttig å kunne noko om intervju av munnlege kjelder.

Korleis kan du sikre deg at innhenting av informasjon blir vellykka? Ein journalist tenkjer seg gjerne arbeidet med å skaffe informasjon frå ei munnleg kjelde som ein tredelt prosess:

  • før intervjuet
  • under intervjuet
  • etter intervjuet

Før intervjuet

Tenk gjennom kva informasjon du treng

Ha klart for deg kva informasjon du er ute etter, kva som er føremålet for bruk av informasjonen, og korleis du reint faktisk har tenkt å bruke han.

Kva slags informasjon er du ute etter?

  • fakta om ei hending eller personar
  • fakta om ei sak eller eit tema
  • personlege meiningar
  • personlege historier eller erfaringar

Kva skal du bruke informasjonen til?

  • ei kommunal nettside for t.d. innvandrarar
  • ei nyheitssak med tekst og video til den lokale nettavisa
  • marknadsføring på fleire flater av t.d. ein treningsapp
  • ein kortfilm som t.d. kan handle om eit sjølvmordsforsøk
  • ei munnleg skuleframføring

Korleis skal du bruke informasjonen i produksjonen?

  • som skriftlege sitat eller oppsummeringar
  • som video og lydklipp
  • som bakgrunnsinformasjon for å utvikle ein idé
  • som bakgrunnsinformasjon for å treffe målgruppa
  • som informasjon i ein voice-over eller ei blokk

Vel kjelde

Korleis finne rett person å snakke med?

  • Søk på nett.
  • Spør folk og få tilrådingar vidare.
  • Bruk læraren din.

Korleis vurdere kjelda du skal snakke med?

Bruk TONE som hjelp til å vurdere kjelda. Ved å stille spørsmål om kjelda er

  • truverdig
  • objektiv
  • nøyaktig
  • eigna

finn du ut om kjelda di vil gi deg informasjonen du treng for det føremålet du har tenkt.

Ring!

Dei beste intervjua får du ved å møte personen andlet til andlet. Folk opnar seg lettare i møte med andre, og du får høve til å tolke andletsuttrykk og kroppsspråk hos den du intervjuar.

Trass i alle moglegheitene vi har i dag til å kontakte folk via e-post, tekstmeldingar og sosiale medium, vil det ofte lønne seg å ringe til den du vil intervjue. Då er kontakten etablert, og du kan bruke nokre minutt på å presentere deg høfleg og ordentleg. Sørg for at du fortel personen det fulle namnet ditt og kva skule du går på, før du avtaler tid og stad for intervjuet. Hugs å takke for at vedkommande vil møte deg!

Avklar forventingar

Når du har fått kontakt med den du vil intervjue, må du fortelje kvifor du ringer. Det er god skikk å forklare føremålet med intervjuet. Det er også lurt å avtale om du kan få ta kontakt seinare for utfyllingsspørsmål eller sjekk av sitat.

Er det snakk om å publisere personleg informasjon frå kjelda, kan det vere lurt å avtale at kjelda får gå gjennom tekst og/eller opptak og gi beskjed om informasjon er framstilt skeivt. Det er særleg relevant innan journalistisk arbeid.

Lag plan for intervjuet

Før intervjuet finn stad, er gode førebuingar viktig. Finn ut mest mogleg om den du skal møte! Gjer søk på nettet, i sosiale medium og kontakt om naudsynleg menneske som kjenner personen. Jo meir du veit om person, sak og tema på førehand, jo betre spørsmål kan du stille. Lag ein plan for intervjuet, og still opne spørsmål.

Under intervjuet

Presenter deg

Når vi møter ein person for første gong, er det viktig å gi eit godt førsteinntrykk. Du bør både sjå presentabel ut og vere høfleg mot kjelda di. Innleiingsvis i intervjuet kan du kort presentere deg og gjenta premissa for intervjuet. Du bør svare grundig på spørsmål kjelda måtte ha, og forsøkje å skape eit privat rom der de kan snakke utan forstyrringar.

Følg opp – hald fokus

No glir samtalen over i eit intervju, og du skal ikkje svare på fleire spørsmål. No er det din tur til å spørje om det du har førebudd. Tei stilt og lat kjelda snakke. Ein feil mange gjer, er at dei gløymer å lytte til det personen framfor dei har å seie. Dermed går dei glipp av høvet til å stille gode, relevante oppfølgingsspørsmål.

Bruk av oppfølgingsspørsmål bidreg til at du kan få informasjon undervegs i intervjuet, som du ikkje hadde tenkt over på førehand. Det er lurt å ikkje bryte av, og late kjelda snakke ferdig, og heller notere ned oppfølgingsspørsmåla.

Unngå å hamne i den fella at du ikkje får med deg viktig informasjon, hugs å høyre ordentleg etter når nokon snakkar. Sørg for at du har fullt fokus på kjelda di, og vis det gjennom eit tydeleg kroppsspråk. Ikkje lat deg lure til å snakke om deg sjølv. Det er intervjuobjektet som er i sentrum, ikkje du.

Avrunding

Når du har fått svar på spørsmåla dine, kan det vere lurt å bruke dei siste minutta til å forsikre deg om at du har forstått ting rett. Om nokre utsegner er uklare, sei frå no. Du kan også spørje om lov til å ringje om du treng ytterlegare sitat.

Hugs å takke pent for at personen tok seg tid til å møte deg.

Etter intervjuet

Sjekk av fakta og sitat

Sjekk fakta og sitat ein siste gong før du bruker informasjonen eller publiserer det ferdige resultatet. Du kan ringje opp kjelda di og lese opp sitat og komme med oppfølgingsspørsmål. Du kan også lese opp større delar av intervjuet eller det publiseringsklare medieuttrykket til kjelda. Du kan sjekke informasjonen opp mot andre munnlege kjelder, eller også gjere søk på nett.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2017

Læringsressursar

Kjeldekritikk