Hopp til innhald

Fagstoff

Vedlikehald av nettinnhald

Her får du vite korleis du kan planleggje og gjennomføre vedlikehald av nettinnhald, og kvifor du må gjere det.
Grafisk illustrasjon som viser nettstaden for ei lita verksemd.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du eit profesjonelt ansvar for ein nettstad, må du halde kontroll på innhaldet. Det inneber å ha oversikt over kva som finst der, og lage ein plan for vedlikehald. Du må òg gjere justeringar når det trengst og byte ut og slette innhald ved behov. Jo meir innhald det er på ein nettstad, desto meir krevjande er jobben med vedlikehaldet. Det er kostbart å ha mykje nettinnhald å følgje opp.

Vedlikehald av nettsider

1. Planlegging

Planlegg nytt innhald først når det er eit reelt behov. Sjekk at det ikkje finst liknande ressursar frå før. Dersom det allereie er laga ein ressurs, kan denne ofte tilpassast og forbetrast.

Avklar at innhaldet faktisk er relevant og viktig for brukaren og verksemda bak nettstaden.

2. Produksjon

Lag eit utkast før du utviklar nettsida vidare. Bruk kollegaer for innspel. Bruk malar og kvalitetskriterium for nettstaden. Strukturer innhaldet godt med tydelege titlar og mellomtitlar og sørg for at innhaldet er universelt utforma.

Sørg for at innhaldet blir plassert på rett stad på nettstaden, og at det har metadata og lenkjer dersom det er aktuelt. Hugs å kvalitetssikre fagleg innhald og gjere språksjekk før publisering.

3. Oppfølging

Det er no jobben startar. Følg opp innhaldet jamleg. Avklar kven som har ansvaret, og når ein skal gå gjennom innhaldet neste gong.

Bruk kalender. Noko innhald er meir kritisk og endringssensitivt enn anna innhald. Når innhaldet blir teke fram igjen, er det viktig å vere kritisk til det. Fungerer det som det skal, verkar lenkjer, er døma relevante og aktuelle?

Gjer nødvendige endringar og slett innhald om det ikkje lenger er gyldig og relevant. Finn ut når ein skal gjennomgå innhaldet neste gong, og gjenta dette så lenge innhaldet ligg på nettstaden.

Tips til vedlikehald av nettinnhald

  • Set opp faste tidspunkt for når ein skal gå gjennom innhaldet.
  • Sjekk at lenkjer fungerer, og at dei er universelt utforma.
  • Tenk på brukarbehov.
  • Tenk på kvalitet og relevans når det gjeld innhaldet.
  • Gå over bilete, grafikk og illustrasjonar. Er oppløysinga god nok? Vurder teknisk kvalitet på video og lyd.

  • Innhald som er sårbart for endringar, må følgjast særleg nøye opp. Det kan vere alt frå reglar og opningstider som blir endra, til kven som er statsminister eller statsråd, eller kven som er leiar i ein organisasjon.

Kjelde

Dalen, O. & Rønjum, E.H. (2012). Slik lykkes du endelig med innhold på nett. Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 10.11.2021

Læringsressursar

Planlegging og vedlikehald av nettinnhald