Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag eit spel om mediesamfunnet

I dette arbeidsoppdraget skal de jobbe i grupper på fire elevar. Saman skal de utvikle og produsere eit kunnskapsspel som lèt spelarane konkurrere om kven som har dei beste kunnskapane i fagstoff frå mediesamfunnet.
Brettspill
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk idéutviklingsteknikkar for å utvikle dykkar eige spelkonsept eller baser spelet på ein type kunnskapsspel som allereie eksisterer. Alt som trengst for å spele spelet, skal de produsere sjølve –for eksempel spelbrett, spørsmålskort og spelereglar.

De skal no ha lært nok til å lage gode spørsmål frå mediesamfunnet. For å lage eit spelkonsept som ser gjennomtenkt og bra ut, må de bruke kunnskapen de har om form, farge, typografi og komposisjonsprinsipp.

I tillegg må de velje eigna programvare å jobbe i, og de må lagre i passande filformat. I slutten av perioden skal de spele kvarandre sine spel og vurdere dei ut frå læringsmåla i faga.

Slik kan de gå fram for å løyse oppdraget:

  1. Avklar i gruppa kva for forventingar de har til dykk sjølve og kvarandre. Korleis vil de sikre eit godt samarbeid? Alle må få seie noko om dette. Skriv gjerne ned nokre reglar i ein samarbeidskontrakt!
  2. Idéarbeid. Bruk KFK-modellen til å utarbeide konseptet dykkar.
  3. Bruk NABC-metoden til å lage ein presentasjon av ideen dykkar. Pitch spel-ideen dykkar og prøv å «selje» han til klassen.
  4. Lag ein produksjonsplan.
  5. Finn ein måte å dele filer på, slik at alle heile tida har tilgang til kvarandre sine dokument.
  6. Set i gang arbeidet slik de har planlagt det i framdriftsplanen.
  7. Lever spelet dykkar til avtalt frist.
  8. Spel kvarandre sine spel. Gi gruppene som har laga spela, tilbakemelding på bakgrunn av læringsmåla i medieuttrykk (design) og mediesamfunnet (innhald). Bruk vurderingspunkta.
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 12.07.2017

Læringsressursar

Spel og speleutvikling