Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Forteljeteknikk i digitale medium

Fagartikkel

Prinsipp for navigasjon og søk

Vi beveger oss på ulike måtar i digitale medium avhengig av om vi besøker arkiv, nettbutikkar, sosiale medium eller organisasjonar.

Ein nettstad kan ha søk som vesentleg verkemiddel for navigasjon. På andre nettstader må brukarane navigere ved å klikke i ein struktur eller skrolle. Føremålet for nettstaden ligg ofte til grunn for det sentrale navigasjonsprinsippet brukaren må følgje, og for organiseringa av innhaldet.

Prioriteringer i navigasjon

  • utval og framheving (nettsider med fast innhald kategorisert i menyar eller hierarki)
  • brukarrespons, feedback på engelsk (sosiale medium, nettaviser, bloggar)
  • innhald sortert etter dato eller tema (sosiale medium, nettaviser, bloggar)
  • søk (arkiv) (avanserte søk gir også ei innhaldsoversikt)
  • skrolling med mus eller finger, vertikalt eller horisontalt (nettsider med omfattande innhald eller appar)
  • styring av lyd og video (nettsider som primært speler av lyd og video)

Vi ser på navigasjonen på desse nettstadane

Google-søk og metateksting

Eit anna sentralt verkemiddel brukt på nettstader, er metatekstar for søkjemotorar. Søkjemotorar finn informasjon med utgangspunkt i det søkjeordet du sender inn, og listar opp ei oversikt sortert etter kor godt resultata samsvarer med søket. Treffa blir vanlegvis synte som ei liste med korte tekstar og klikkbare lenker.

Om ei nettside skal kunne listast opp i Google-søk, er det naudsynt å leggje inn metatekstar som beskriver nettstaden på ein god måte. Vil du at nettstaden skal bli funnen ved søk på bestemte ord, må du leggje desse orda inn som metatekstar.

Ein brukar kan komme inn på kva side som helst via Google. Derfor er det viktig at kvar enkeltside på ein nettstad kan forståast i sin eigentlege samanheng. Det må komme tydeleg fram kva nettstad og nivå sida tilhøyrer, og kva funksjon ho har på nettstaden.

CC BY-SA 4.0Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2018