Hopp til innhald

Fagstoff

Fagfornyinga i kommunikasjon og kultur 1 på NDLA

Vi har fornya innhaldet i kommunikasjon og kultur 1. Her kan du lese om revisjonen av faget.

Revisjon av kommunikasjon og kultur 1

Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 er utgangspunktet for revisjonen av kommunikasjon og kultur-faga på NDLA.

Kjerneelementa kulturell identitet, kommunikasjon, tekst og verkelegheit og teori og metode beskriv det viktigaste elevane skal lære i kommunikasjon og kultur, mens kompetansemåla i kvart fag gir meir spesifikke skildringar av mål for opplæringa. I fagressursane har vi lagt oss tett opp mot ordlyden i læreplanen, slik at det skal vere enkelt å sjå samanheng mellom læreplan og innhaldet i faget. Samtidig har vi mange ressursar som går på tvers av fleire kjerneelement, der det er naturleg å kople tema og omgrep frå fleire område saman. I det reviderte faget er det òg fagressursar som er knytte til dei tverrfaglege temaa folkehelse og livsmeistring og demokrati og medborgarskap.

Kva er nytt?

Fagartiklar

Mange av fagartiklane i faget er heilt nye. Dette gjeld spesielt i emnet Kulturell identitet, der vi har oppdatert mykje av fagstoffet for å spegle nye strøymingar i studiet av kultur. Mange av fagartiklane i faget har òg nye illustrasjonar og døme, som klipp, filmar og lenker til eksterne ressursar. Kortare "tenk over"-spørsmål og diskusjonsoppgåver undervegs i fagartiklane hjelper elevane i lesinga og koplar fagstoffet til verkelegheita deira.

Oppgåveressursar

I oppgåveressursane er det lagt vekt på at elevane skal bruke kunnskap, omgrep og teoriar, at dei skal vere utforskande og skapande, og at dei òg kan trekke inn sine eigne erfaringar. Vi har oppgåver der elevane skal arbeide med konkrete tekstuttrykk, oppgåver som er praktiske, og oppgåver som legg opp til diskusjon og refleksjon. Det er òg nokre større oppgåver som kan brukast som fordjupingsoppgåver som kan gå over noko tid.

Skape eigne tekstar

I oppgåveressursane har vi foreslått ulike måtar elevane kan presentere oppgåver og arbeid på. Dette kan til dømes vere å lage ein podkast, ein film, ein digital presentasjon, ein munnleg presentasjon eller eit skriftleg arbeid. I faget finst det forslag og tips til korleis elevane kan utforme og skape sine eigne tekstar.

Multimedialt innhald

Det multimediale innhaldet i faget har fått eit løft. Mange bilete og illustrasjonar er bytte ut, og det er lagt til ei mengde nye klipp og filmar som vi meiner pass godt inn i faget. Vi har til dømes nye undervisningsfilmar på om lag 8–10 minutt, mellom anna om ulike kommunikasjonssituasjonar, korleis vi kan forstå og samanlikne kulturar og kulturelle fenomen, kvardagsrasisme, kulturuttrykk og interkulturell kommunikasjon.

Vurdere og bruke kjelder

Kompetansemål som handlar om å vurdere og bruke kjelder, finn vi i både kommunikasjon og kultur 1, 2 og 3. I dette emnet har har vi samla ressursar som hjelper elevane i dette arbeidet. Det finst ytterlegare ressursar om kjeldebruk og kjeldekritikk i Verktøykassa på NDLA.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 11.04.2023

Læringsressursar

Om faget