Oppgåve
Blinkskot? Bilete, etikk og kjeldekritikk
I NRK-seiren Norsk-ish tek ein av hovudpersonane eit bilete som skaper mange sterke reaksjonar. Kva kan vi lære om biletdeling, etikk og kjeldekritikk?
Sjå heile første episoden av serien Norsk-ish, og gjer oppgåvene under:
Første episode av serien Norsk-ish på NRK
- Kvifor trur du Fariba nølte med å dele biletet ho tok på sosiale medium?
- Ho gjer det likevel og får tusenvis av reaksjonar. Kva slags tolkingar av biletet kan ho forvente seg når det blir delt så breitt på sosiale medium?
- Kva hadde du tenkt om dette biletet om det dukka opp i biletstraumen din?
- Korleis trur du samhandlinga mellom dei to kvinnene på biletet var før og etter den augneblinken som Fariba fanga med kameraet sitt?
- Sjå andre episode frå 06:33 til 07:20. Her får vi vite meir om konteksten for biletet, og om reaksjonane biletet får. Andre episode av NRK-serien Norsk-ish
- Helin meiner at Fariba bør slette biletet. Kva er grunngivinga hennar, og kva tenkjer du om det?
- Kan vi lære noko av dette når det gjeld kjeldekritikk og etiske vurderingar for biletdeling ?
- Kva for nokre etiske vurderingar bør du ta før du vel å dele eit bilete?
- Gå saman i par og formuler nokre kritiske spørsmål som de kan stille dykk sjølve når de ser bilete som kan ha sterk påverknadskraft.
- Del med klassen, og bli samde om nokre punkt som de får opp på eit oppslag i klasserommet.
- Les NRK-artikkelen om eit bilete som vart delt av Frp-politikar Sylvi Listhaug då ho var justisminister.
- Korleis vurderer du biletbruken i innlegget til Listhaug, sett i lys av det du har lært om kjeldekritikk og etiske vurderingar?