Hopp til innhald

Fagstoff

Analyse av samansette tekstar

Kva spørsmål kan du stille når du skal analysere korleis tekstar er komponerte og sette saman av ulike element?
To hender held opp kvar sin reklame for tannbleiking. Den eine er retta mot kvinner og viser ei pen, sminka kvinne som bit forførarisk på tuppen av bleikeskjena og ser i kameraet. Den andre er retta mot menn og viser eit røffare nærbilete av ein munn med todagarsskjegg som bruker bleikeskjena slik ho skal brukast. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fleste tekstane består av fleire meiningsskapande element, som bilete, grafikk, skrift, layout, fargar, musikk og interaktive element. Dette kallar vi samansette eller multimodale tekstar.

Ofte les vi dei verbale elementa i ein tekst på ein meir bevisst måte enn dei og elementa i ein tekst, fordi det språklege innhaldet er meir eksplisitt og lettare å få tak på. Derfor er det desto viktigare å vere grundig i analysen av bilete, layout, fargebruk, musikk og andre ikke-verbale element.

Hugs å vise til døme frå teksten når du analyserer og kommenterer han!

Få eit overblikk over teksten

Når du analyserer samansette tekstar, er det viktig å beskrive dei ulike elementa så grundig som mogleg samstundes som du ser på heilskapen og korleis samspelet mellom elementa bidreg til å skape meining. Ved å sjå på heilskapen før du utforskar delane av ein tekst, får du ein kontekst for å forstå dei ulike elementa. Når du så går grundig inn på delane, vil alle detaljane igjen gi større forståing av heilskapen.

  • Kven er avsendar?

  • Kva handlar teksten om?

  • Kva er føremålet med teksten?

  • Kva slags sjanger tilhøyrer teksten? Har teksten element frå fleire sjangrar?

  • Inngår teksten i ein bestemd tekstkultur (til dømes nettkultur, skulekultur, fitness-kultur)?

  • Når vart teksten publisert?

  • Kva slags medium eller kanal er teksten skapt og publisert i?

  • Kven er målgruppa?

Tekstelement

Det er nyttig å beskrive dei ulike visuelle, verbale, auditive og interaktive elementa som teksten består av.

Så kan du gå grundigare inn på dei enkelte elementa og beskrive kva slags eigenskapar dei har, og kva slags funksjon dei har i denne konkrete teksten. Ikkje alle punkta er relevante for alle tekstar, så du må velje ut dei som passar til teksten du jobbar med.

Veggmåleri av ei kvinne i bikini som blæs i ei fløyte. To store knottar på veggen utgjer puppane hennar. Foto.

Visuelle element:

  • Beskriv stil, layout, bakgrunn, bilete, kameravinklar, filter, grafikk, skrifttypar, skriftstorleikar, kontrastar og form- og fargebruk.

  • Kva element legg du merke til først?

  • Kva element dominerer?

  • Korleis bidreg dei ulike visuelle elementa til å uttrykkje og understreke innhaldet i teksten?

  • Fungerer visuelle element som , eller ?

Verbale element:

  • Kva slags språkfunksjonar finn du i teksten? Er teksten informativ, ekspressiv eller appellativ?

  • Argumenterer teksten? Kva er argumenta, og korleis fungerer dei? Er det brukt open eller skjult argumentasjon?

  • Korleis vil du beskrive stil og tone i språket? Er språket formelt, personleg, ungdommeleg, vennleg, kvardagsleg, teknisk eller poetisk?

  • Kva slags språklege verkemiddel er brukte i teksten, og kva slags funksjon har dei? Døme på slike verkemiddel er kontrastar, gjentakingar, språklege bilete, overdrivingar og underdrivelser.

  • Kva slags ord er brukte for å beskrive verkelegheita i teksten? Er ordvalet nøytralt, eller er det valt spesielt negativt eller positivt ladde ord for å beskrive enkelte tema i teksten?

Auditive element:

  • Kva slags auditive element er i bruk i teksten?

  • Beskriv musikk, jinglar, lydeffektar og stemmebruk, og sjå på kva slags funksjon desse har i teksten.

  • Understrekar dei auditive elementa det verbale innhaldet, eller er dei ein kontrast til det?

  • Skaper dei stemning eller assosiasjonar?

Interaktive element:

  • Kva for nokre interaktive element er i bruk i teksten?

  • Korleis bidreg dei interaktive elementa til innhaldet i teksten?

  • Døme på interaktive element er kommentarfelt, dele-knappar, «like»-knappar, spelbarheit, lenkjer til anna innhald og klikkbare menyar.

Samspelet mellom elementa:

  • Dominerer eitt eller fleire element?

  • Korleis bidreg måten dei ulike elementa er sette saman på, til innhaldet og bodskapen i heile teksten? Forsterkar eller utfyller dei kvarandre, eller motseier dei kvarandre?

Vurder og kommenter heilskapen

No skal du kommentere og reflektere rundt teksten samla sett igjen. Det er på tide å samle trådane frå punkta over og trekkje linjer frå teksten du har føre deg, til konteksten han har oppstått i.

  • Korleis vil du no beskrive og summere opp tematikken i teksten etter å ha gått gjennom desse punkta?

  • Kan du plassere temaet og teksten i ein kulturell eller samfunnsmessig kontekst?

  • Korleis vurderer du denne teksten? Lykkast han i å oppnå det som er føremålet med teksten?

  • Er han formidla på ein måte som gjer at bodskapen når fram til mottakarane og målgruppa på ein god måte?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2022

Læringsressursar

Utforske og analysere tekstar