Observasjonar ved slutten av livet
- reduksjon i fysisk aktivitet og eigenomsorg
- auka søvnbehov eller nedsett medvit
- svekt orienteringsevne eller aukande forvirring
- angst, depresjon eller psykisk stress
- dårleg matlyst, forstopping, kvalme eller oppkast
- munntørrleik
- smerter
- kalde føter og hender
- blåmarmorering
- bleik hud
- ufrivillig avgang av urin og avføring
- temperaturauke eller sveitteutbrot
- tørr munn og tørre lepper
- langsamt tap av kontroll over skjelettmuskulatur
- aukande kjensleløyse og svekte sansar
- nedsett medvit eller medvitsløyse
- vanskeleg anding eller Cheyne-Stokes-respirasjon
- forandringar i ansiktet
Pårørande må informerast om at hos nokre pasientar er dødsleiet kortvarig, mens det hos andre kan strekkje seg over dagar og veker. Dei fleste dødsfall er forventa. Likevel viser undersøkingar at mange pårørande opplevde at helsepersonellet ikkje var flinke nok til å føresjå når døden var nær ved å kome slik at dei pårørande kunne få høve til å vere til stades då døden kom.
Utfordringar til deg
Korleis kan du sikre at observasjonane dine blir rapporterte vidare slik at pårørande får beskjed om endringar i tilstanden til pasienten?
På kva måte kan dokumentasjon synleggjere forverring i tilstanden til pasienten?
Korleis kan du leggje til rette for pårørande som ønskjer å vere til stades i denne fasen?
Relatert innhald
Observasjonane gir deg informasjon slik at du kan kartleggje dei individuelle ressursane og behova til brukaren.
Ifølgje lovverket har helsepersonell dokumentasjonsplikt – plikt til å gjere synleg det dei observerer og utfører knytt til ein pasient eller brukar.