Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåver om vaksinar og antibiotikum

Desse oppgåvene vil hjelpe deg med i det vidare arbeidet med stoffet om vaksinar og antibiotikum. Oppgåvene utfordrar deg til å reflektere og sjå samanhengar.
Ein kvitkledd helsearbeidar vaksinerer ei kvinne. Begge har munnbind. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Evolusjon

  1. Korleis vil du forklare utsegna "sjukdom har alltid påverka menneske og dyr"?

  2. Korleis kan evolusjonsteorien brukast for å forklare antibiotikaresistens?

  3. Kva blir meint med utsegna "survival of the fittest" ("den sterkaste overlever")?

Oppgåve 2. Vaksine

  1. Vil ein vaksine verke viss mikroorganismen muterer?

  2. Kvifor kan vi ikkje vaksinere virvellause dyr?

  3. Trur du vi kan bruke vaksine på plantar? Grunngi svaret.

  4. Finn argument for og mot vaksinasjon. Samanlikn argumenta dine med argumenta til ein medelev. Jobb saman og lag ei prioritert liste over alle argumenta de har funne.

Oppgåve 3. Amming og immunforsvar

Kan amming og morsmjølk påverke forsvaret til barnet mot smitte? Grunngi svaret ditt.

Oppgåve 4. Ulike typar antibiotikum

  1. I kva tilfelle vil det vere formålstenleg å behandle ein pasient med breispektra antibiotikum, trur du?

  2. I kva tilfelle vil det vere betre å bruke smalspektra antibiotikum?

  3. Forklar fordelar og ulemper ved dei to hovudtypane antibiotikum.

  4. Korleis trur du legen din veit kva type antibiotikum som verkar best for sjukdommen din?

Oppgåve 5. Foreslå ei undersøking

Foreslå ei undersøking eller test som legen din kan gjere for å undersøke kva mikroorganisme som gjer deg sjuk. Kva informasjon gir undersøkinga du har foreslått?

Oppgåve 6. Handvask og antibiotikum

Korleis kan handvask bidra til å redusere bruken av antibiotikum?

Oppgåve 7. Behandling av ein akuttpasient

Du jobbar som lege på eit sjukehus, og det kjem inn ein akuttpasient med kraftig infeksjonssjukdom. Livet til pasienten står i fare. Korleis vil du behandle denne pasienten?

Oppgåve 8. Bli kjend med bakterien Pseudomonas aeruginosa

Det har vore eit utbrot av bakterien Pseudomonas aeruginosa på sjukehuset der du jobbar som mikrobiolog. Bakterien gir vanlegvis ikkje sjukdom hos friske personar, men kan vere alvorleg for pasientar med svekt immunforsvar.

For å få meir informasjon om bakterien og prøve å få kontroll på smitten har det vorte gjennomført ein sensibilitetstest for antibiotikum. Bakterien Pseudomonas aeruginosa har vorte dyrka på agar saman med ulike preparat av antibiotikum.

Ei hånd med blå hanske som held ei petriskål. Petriskåla inneheld dyrka bakteriar og antibiotikatablettar. Rundt den ene tabletten er det eit felt utan bakteriar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Biletet viser resultatet av følsamheitstesten for antibiotikum. Korleis vil du tolke resultatet av testen?

  2. Finn ut meir om sjukdommar som er forårsaka av Pseudomonas aeruginosa. Korleis kan desse sjukdommane behandlast?

Oppgåve 9. Eit barn med forkjølingssymptom

Du jobbar som lege på eit helsesenter og får inn eit barn med forkjølingssymptom. Du gjennomfører ulike testar og finn ut at barnet er ramma av sesonginfluensa. Foreldra til barnet forlanger behandling med antibiotikum.

  1. Kva vil du, som lege, seie til foreldra?

  2. Når treng ein person behandling med antibiotikum?

  3. Det er ikkje alle pasientar som er like flinke til å ta omsyn til retningslinjer gitt av legen. Kva er konsekvensane viss ein slurvar med antibiotikakuren?

  4. Kva konsekvensar har lite tenleg bruk av antibiotikum?

Oppgåve 10. Test av ulike antibiotikum

I figuren under ser du tre ulike bakteriar: Shigella sonnei, Sarcina ventriculi og Vibrio cholerae, som har vorte utsette for ulike antibiotikum (A og B).

Forsøk der tre ulike typar bakteriar blir utsette for to ulike antibiotikabehandlinger. Etter behandling med antibiotikum A har talet på Shigella sonnei vorte redusert, talet på Sarcina ventriculi er uforandra og talet på Vibrio cholerae har auka. Etter behandling med antibiotikum B har talet på Shigella sonnei auka, talet på Sarcina ventriculi er uforandra og talet på Vibrio cholerae har vorte redusert. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Forklar resultata av forsøket vist i figuren over.

  2. Finn ut meir om dei tre bakterietypane.

    • Kva sjukdommar kan dei forårsake?

    • Kor vanlege er desse sjukdommane i Noreg i dag, og kor vanlege er dei på verdsbasis?

    • Korleis kan dei ulike sjukdommane behandlast?

Oppgåve 11. Antibiotikaresistens

  1. Korleis blir bakteriar, eller andre prokaryote organismar, antibiotikaresistente?

  2. Kva eigenskapar er det dei utviklar som gjer at dei kan forsvare seg mot antibiotikum?

  3. Kva trur du blir meint med utsegna "antibiotikaresistens – den varsla klimakrisa til helsevesenet"?

Oppgåve 12. Behandling av ein bakterieinfeksjon

Jonas har fått ein bakterieinfeksjon som krev medisinar i form av tablettar. Konsentrasjon av medisin i blodet kan reknast ut med funksjonsuttrykket Kx=23xx2+4.

Kx angir konsentrasjon av medisin i blodet i mg/mL, og x er timar etter at tabletten er innteken.

  1. Kva slags funksjon er Kx?

  2. Rekn ut konsentrasjonen av medisin i blodet til pasienten etter ein halv time, to timar, seks timar og tolv timar.

  3. Etter ei veke får Jonas beskjed om at han skal få ein lågare dose medisin, slik at konsentrasjon av medisin i blodet blir halvert. Set opp eit nytt funksjonsuttrykk H(x) som angir konsentrasjonen av medisin i blodet når han halverer dosen.

  4. Teikn Kx og Hx i det same koordinatsystemet.

Oppgåve 13. På tur i skogen

Utslett med ein tydeleg raud sirkel i midten omringa ein hudfarga sirkel utan utslett og ein ny sirkel som er raud av utslett. Foto.

Du har vore ute på hengekøyetur i skogen. Nokre dagar etter at du har komme heim, oppdagar du eit utslett på undersida av armen (sjå bilete).

Klarer du å resonnere deg fram til kva mikroorganisme som har forårsaka dette utslettet, og om det finst ei form for behandling?

Bruk det du kan om smittsame sjukdommar, og leit på internett viss du treng meir informasjon.

Oppgåve 14. Immunitet

Tenk deg at du skal redusere spreiinga av ein smittsam sjukdom. Du veit at det er ein fordel viss store delar av befolkninga blir immune mot sjukdommen. Korleis kan du påverke immuniteten i ei befolkning?

Oppgåve 15. Koppesjukdommar

Koppar var ein veldig smittsam sjukdom som herja på 1700- og 1800-talet. Sjukdommen var forårsaka av variola-viruset og hadde høg dødelegheit. I dag er det færre som får koppar, men du har kanskje hatt vasskoppar?

Finn ut om det er nokre likskapar eller forskjellar mellom koppar og vasskoppar.

Oppgåve 16. Flokkimmunitet

  1. Kvifor er det så viktig at R-talet i ein populasjon blir halde lågt heilt til flest mogleg er immune?

  2. Er flokkimmunitet det same som at ein sjukdom er utrydda? Grunngi svaret ditt.

  3. Kva må R-talet vere for at ein sjukdom skal døy ut?

  4. Rekn ut kva del av ein populasjon som må vere immun for at populasjonen skal oppnå flokkimmunitet viss R0 = 4 (reproduksjonstalet for sjukdommen).

Oppgåve 17. Utvikling av vaksinar

  1. Det er mange vaksinar som er under utvikling. Kva sjukdommar trur du det er viktigast at vi lagar vaksine mot, sett i verdsmålestokk?

  2. Kva konsekvensar trur du slike vaksinar kan gi for samfunnet?

  3. Kan du tenke deg ulike utfordringar som kan oppstå frå ein vaksine blir produsert, til han når fram til eit barn i Afrika?

Oppgåve 18. Vaksine til kaninar

I Australia prøvde forskarar å utvikle ein vaksine til kaninar der hensikta ikkje var å hindre ein sjukdom, men at kaninen sitt eige immunsystem skulle angripe evna til forplantning.

Formålet var å avgrense mengda kaninar, som i Australia blir rekna som eit skadedyr. Vaksinen skulle bli gitt i form av eit kaninvirus, som så kunne spreie seg blant kaninane.

Diskuter fordelar og ulemper ved bruk av vaksine på denne måten. Kva kunne ha skjedd dersom denne virusvaksinen endra seg, slik at han kunne spreie seg til menneske?

Oppgåve 19. Hiv-vaksine

Søk på internett og prøv å finne informasjon om hiv-vaksinar. Prøv òg å finne ut når ein trur vaksinen vil vere klar til bruk. Bruk minst tre kjelder, og oppgi kva kjelder du har brukt. Døme på kjelder kan vere Wikipedia, forskning.no og iavi.org.

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø og Viveca Thindberg. Rettshavar: Snöball Film
Sist fagleg oppdatert 31.03.2022

Læringsressursar

Vaksinar og antibiotika