Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Thema: der Körper

Lær deg dei tyske namna på ulike delar av ansikt og kropp! Dette er kjekt å kunne når du til dømes skal beskrive personar, dra til legen eller bli med på ei enkel treningsøkt.

Übung 1: das Gesicht

I denne øvinga lærer du tretten som du treng for å beskrive eit ansikt. Varier øvingsmåten, og sei alltid artikkelen saman med substantivet! Her får du nokre forslag:

  1. Jobb individuelt: Les det tyske ordet, anten inni deg eller høgt. Snu så kortet og gjenta ordet.

  2. Jobb i par: A les opp det tyske ordet. B peikar på rett stad i eige ansikt.

  3. Jobb i par: A les opp det tyske ordet. B peikar på rett stad i eige ansikt og gjentar ordet.

Übung 2: das Gesicht

Repeter substantiva frå øving 1 og lær i tillegg nokre nyttige fleirtalsformer. Forslag til øvingsmåtar:

  1. Jobb individuelt: Les det tyske ordet, anten inni deg eller høgt. Snu så kortet og gjenta ordet.

  2. Jobb i par: A les opp det tyske ordet. B peikar på rett stad i eige ansikt og gjentar ordet.

  3. Jobb i par: A peikar på ein stad i eige ansikt, B seier kva denne delen av ansiktet heiter på tysk.

Übung 3: der Körper

Lær namna på dei ulike delane av kroppen. Forslag til arbeidsmåtar:

  1. Jobb individuelt: Les det tyske ordet. Snu så kortet og gjenta ordet. Hugs å ta med den bestemte artikkelen!

  2. Jobb i par: A les opp det tyske ordet. B peikar på rett kroppsdel på eigen kropp og gjentar ordet.

Übung 4: der Körper

No skal du lage fleirtalsform av substantiva frå øving 3. Klikk på i-knappen om du treng litt hjelp. Forslag til arbeidsmåtar:

  1. Jobb individuelt: Les det tyske ordet og omsett det til norsk. Lag deretter fleirtalsform av det tyske ordet, sjekk svaret og gjenta det. Pass på artiklane!

  2. Jobb i par: A les opp ordet, B omset til norsk. A forklarer kva som er rett fleirtalsform, B sjekkar svaret og les det opp. Byt roller for kvart kort.

Übung 5: die Hand

Her øver du mellom anna på namna på fingrane. Nokre forslag:

  1. Jobb individuelt: Les det tyske ordet. Snu så kortet og gjenta ordet. Hugs artikkel!

  2. Litt fleire utfordringar? Lær deg òg fleirtalsforma av Hand, Nagel, Daumen og Finger. Du finn fleirtalsformene bak i-knappen på framsida av dei fire korta.

  3. Jobb i par: A les opp det tyske ordet, mens B peikar på rett del av handa.

Übung 6: Redewendungen

Akkurat som på norsk finst det òg på tysk tallause faste uttrykk som tar utgangspunkt i kroppen. Her får du nokre døme. Gjett kva dei betyr!

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 05.10.2021

Læringsressursar

Beweg dich!