Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bewegung tut gut!

No lærer du ulike rørsleverb som løfte, snu og strekke. Det er kjekt, for då kan du bli med på ei enkel oppvarmings- eller treningsøkt i tysktimen. Litt rørsle i skulekvardagen gjer deg godt!
Jente i tights tar frittståande knebøy utan vekter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Übung 1: Verben lernen

Først skal du lære ulike rørsleverb. Her er nokre forslag til korleis du kan jobbe:

  1. Lytt til glosene og gjenta dei høgt. Du finn gloseliste med omsetting i lista under lydavspelaren. Personen som les, er frå Sør-Tyskland og rullar på r-en. Du kan gjerne skarre på r-lyden om du er vand med å bruke skarre-r.

  2. Høyr og sei glosene, og gjer gjerne rørslene samtidig, då hugsar du glosene betre!

  3. Skriv ned inntil ti gloser du synest er vanskelege, og øv på å stave dei rett. Skriv gjerne for hand. Ta tida og øv effektivt i fem minutt.

  4. Lag kvar dykkar gloseprøve. Vel ti norske gloser frå listene og skriv dei på eit ark. Byt gloseprøve med ein medelev. Oversett orda til tysk.

  5. Vurder deg sjølv: Kor mange gloser hugsar du? Kva kan du gjere for å hugse orda endå betre?

Rørsleverb

0:00
-0:00
Gloseliste: rørsleverb
sich aufrichten
rette seg opp
aufstehen
reise seg, stå opp
beugen
bøye
drehen
snu
sich umdrehen
snu seg
halten
halde
heben
løfte
anheben
løfte opp
fallen lassen
sleppe (ned), la falle
kreisen
rotere, sirkle
laufen
springe
sich hinlegen
legge seg (ned)
sich lehnen (an/gegen)
lene seg til/mot
rollen
rulle
aufrollen
rulle opp
schieben
skyve
senken
senke, sette ned
sich hinsetzen
sette seg, sitte ned
springen
springe
hüpfen
hoppe
sich hinstellen
plassere seg ståande
strecken
strekke
ziehen
dra, trekke
dehnen
tøye ut

Übung 2: Vokabeln!

No skal du øve på uttrykk som fortel om retninga nokon eller noko skal bevege seg i. Bruk gjerne øvingstipsa frå øving 1.

Stad og retning

0:00
-0:00
Gloseliste: retning
rechts
høgre
nach rechts
til høgre
links
venstre
nach links
til venstre
nach oben
opp, oppover
nach unten
ned, nedover
nach vorn
framover
nach hinten
bakover
zurück
tilbake
auf die Seite
til sida
zur Seite
til sida
auf der Stelle
på staden
in die Höhe
opp i lufta, i vêret

Übung 3: Bewegungskommandos

Her øver du deg på å gi og følge enkle rørslekommandoar.

Forslag til øvingsmåtar:

  1. Lytt til den tyske setninga og les den inni deg eller høgt – aller helst høgt! Sett om til norsk. Snu så kortet og kontroller svaret.

  2. Øv i par. Den eine les den tyske setninga, den andre utfører rørsla. Byt roller undervegs.

Übung 4: Dehnübungen

Det kan bli mykje stillesitting i løpet av ein lang skuledag. Her skal du lære nokre enkle tøyingsøvingar som kan førebygge smerter og auke konsentrasjonen.

  1. Lytt til instruksjonen på kortet, gjerne felles i klassen. Jobb i par og sett om til norsk. Snu kortet og kontroller mot fasit.

  2. Hald fram med å jobbe i par. Den eine les instruksjonen, den andre utfører øvinga slik bileta viser. Gå til neste kort og byt roller. På siste kort ventar ei utfordring: Biletet viser berre sluttposisjonen, ikkje sjølve øvinga. Klarer de å følge instruksjonen på tysk?

  3. Organiser ei enkel oppvarmingsøkt! Vel ei av øvingane og lær deg instruksjonen utanåt. Gå deretter saman i små grupper og byt på å vere instruktør. Instruktøren forklarer og framfører øvinga og passar på at dei andre på gruppa utfører ho slik biletet viser.

Übung 5: Kraftübungen

Gjer nokre enkle styrkeøvingar!

  1. Lytt til instruksjonen på kortet, gjerne felles i klassen. Jobb i par og omset til norsk. Snu kortet og kontroller omsetjinga mot fasit. 

  2. Hald fram med å jobbe i par. Den eine les instruksjonen, og den andre utfører øvinga slik bileta viser. Gå til neste kort og byt roller.

  3. Bli med på ei enkel treningsøkt! Vel ei av øvingane og lær deg instruksjonen utanåt. Gå deretter saman i små grupper og byt på å vere instruktør. Instruktøren forklarer og framfører øvinga og passar på at dei andre på gruppa utfører det slik biletet viser.

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2022

Læringsressursar

Beweg dich!