Hopp til innhald
Øving

Deutsch unplugged 8

PC-fri sone! Her er nokre forslag til aktivitetar der elevane får brukt både kropp og snakketøy. I tillegg repeterer dei tyske ord og uttrykk. God fornøyelse!

1 Spiel: 30 Sekunden!

Leik og repeter namn på plagg. Denne leiken passar fint etter at de har gjennomgått "Was trägst du heute?". Her skal elevane kle opp ei utstillingsdokke (eine Schaufensterpuppe / eine Schaufensterfigur).

2 Berlin Fashion Week

Her øver klassen på å fortelje kva nokon har på seg. Denne aktiviteten passar også fint etter at de har gjennomgått "Was trägst du heute?".

3 På rekke og rad

Denne øvingsrekka er fin til repetisjon av ordforrådet frå leksjon 8. Ta vekk litt og litt tekst – til slutt snakkar elevane heilt fritt!


CC BY-SA 4.0Skrive av Anna Maria Holvik, Julia Kleven og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2021