Hopp til innhald
Øving

Deutsch unplugged 7

Her er nokre forslag til aktivitetar der elevane får brukt både kropp og snakketøy. I tillegg repeterer dei tyske ord og uttrykk. God fornøyelse!

1 Dialogøving: Repetisjon av presens perfektum

Denne øvinga passar etter at ein har jobba med "Was hast du am Wochenende gemacht?" 1 og 2. Elevane skal jobbe i par, og dei treng kvart sitt oppgåveark. Oppgåvearka kan du laste ned her, anten i Word-format eller i PDF-format:

Øvinga fokuserer på repetisjon av presens perfektum-former. Ein kan gjerne starte med ein rask felles repetisjon av perfektum partisipp-formene som elevane treng for å løyse øvinga, men det er strengt tatt ikkje nødvendig sidan elev A sit med fasiten for elev B, og omvendt.

Framgangsmåte

  • Elevane går saman to og to.
  • Den eine får ark A, den andre får ark B.
  • A begynner med å stille spørsmål, B svarer.
  • A ser Bs fasit og kontrollerer svaret.
  • Dersom B seier feil, les A rett svar høgt.
  • B gjentar før han/ho går vidare til neste setning.
  • Elevane skal øve til teksten høyrest ut som ein naturleg samtale på tysk.
  • Deretter overtar A rolla til B, og omvendt.

2 Wie ist deine Handynummer? (Repetisjon av tal)

Denne aktiviteten passar bra etter at ein har gjennomgått "Ruf mich an!"

  • Elevane går rundt i klasserommet, eller to like store motgåande ringar.
  • Når læraren signaliserer at dei skal stoppe, vender dei seg til den personen som står nærast eller rett overfor.
  • Dei to spør kvarandre om mobilnummeret og svarer med einsifra eller tosifra tal.
  • Ved nytt signal går alle vidare, og slik held ein fram til elevane har bytt partnar nokre gonger.

3 Du bist eine gute Freundin, weil ... (leddsetningar)

Det er ikkje så lett å hugse i starten at det bøygde verbet skal stå til slutt i leddsetningar. Her er ei øving som eignar seg godt etter emnet "Freunde".

  • Elevane går rundt i klasserommet eller to like store motgående ringar. Når læraren signaliserer at dei skal stoppe, vender dei seg til den personen som står nærast eller rett overfor.
  • Elev A og B fortel kvarandre kvifor dei set pris på kvarandre. Kvar av dei seier éi setning og nemner minst éin positiv eigenskap.
  • Så signaliserer læraren at elevane begynne å gå igjen. Leiken held fram til elevane har bytt partnar nokon gonger.
  • I starten bør læraren ha ei liste over adjektiv synleg på tavla/lerretet, slik at alle elevane har noko å seie. (Det kan for eksempel vere H5P-en nedanfor.)
  • Etter ei stund kan ein la elevane snakke utan stikkord.

4 Yoga mit Ulrik

Yoga passar for alle og er godt for både kropp og sjel. Skolekvardagen kan være stressande, og det er ikkje alltid lett å konsentrera seg. Derfor: Lær nokre enkle yogaøvingar og gi rom for litt avspenning i timen. Det gir økt konsentrasjon, indre ro og ny energi. Her viser Ulrik og elevane hans øvingane.

Video: Ulrik Berntsen / CC BY-SA 4.0

Yoga im Alleingang

Her er to videoar de kan bruke til å øve sjølv, først på norsk, så på tysk.

Video: Ulrik Berntsen / CC BY-SA 4.0
Video: Ulrik Berntsen, Julika Fiebig / CC BY-SA 4.0
Øvingane på tysk

Erste Übung

Setz dich aufrecht auf einen Stuhl. Stell die Füße auf den Boden. Streck deine Wirbelsäule in die Länge. Leg die Unterarme auf den Schreibtisch. Leg den Kopf auf die Unterarme. Halte diese Position und atme tief ein und aus.

Zweite Übung

Setz dich aufrecht auf einen Stuhl. Stell die Füße auf den Boden. Streck deine Wirbelsäule in die Länge und leg die Handflächen auf den Tisch. Halte diese Position und atme tief ein und aus.

Dritte Übung

Setz dich aufrecht auf einen Stuhl. Dreh dich zur rechten Seite. Leg dabei die rechte Hand von außen auf die Stuhllehne. Leg die linke Hand aufs rechte Knie. Halte den Rücken gerade und schau über deine rechte Schulter nach hinten. Halte diese Position und atme tief ein und aus.

Setz dich wieder aufrecht auf deinen Stuhl. Dreh dich zur linken Seite. Leg dabei die linke Hand von außen auf die Stuhllehne. Leg die rechte Hand aufs linke Knie. Halte den Rücken gerade und schau über deine linke Schulter nach hinten. Halte diese Position und atme tief ein und aus.

Vierte Übung

Schieb den Stuhl vom Tisch weg. Geh einen Schritt zurück und stell dich aufrecht hin. Beug dich vor, sodass die Handflächen auf dem Tisch liegen. Der Kopf ist in Verlängerung der Wirbelsäule. Hebe und senke den Kopf nicht. Halt die Beine gerade oder beug leicht die Knie. Halte diese Position und atme tief ein und aus.

3 Dialogar på rekke og rad

Ta vekk litt og litt tekst – til slutt snakkar elevane heilt fritt!

  • Lærar viser fram eit samtaleskjema på skjermen, med spørsmål og svar som passar i ulike enkle kvardagssituasjonar.
  • Samtaleskjemaet har tre kolonnar: I første kolonne står emnet elevane skal samtale om, i andre kolonne står spørsmåla dei skal stille kvarandre og i tredje kolonne står hjelpesetningar som dei kan ta utgangspunkt i når dei svarer kvarandre.
  • Elevane stiller seg opp i rekker overfor kvarandre, og slik at alle kan sjå samtaleskjemaet på skjermen. (I store klassar må ein vurdere å fordele elevane på fire rekker.)
  • Elevane som står rett overfor kvarandre, snakkar saman i par. Når dei fleste har komme gjennom emnet, signaliserer læraren at det er tid for å byte samtalepartnar. Elevane i den eine rekka flyttar seg eit skritt til høgre og gjer øvinga med ein annan partnar.
  • Etter to–tre rundar fjernar læraren hjelpesetningane, slik at elevane berre ser emneord og spørsmål. Etter to nye rundar blir spørsmåla òg fjerna, slik at elevane berre ser emneorda.
  • Alle elevane har eit ansvar for å halde samtalen i gang. Stoppar nokon opp, skal partnaren hjelpe til slik at samtalen kjem i gang igjen. Går eit par tom for idéar, småpratar dei vidare på tysk om det som fell dei inn.

To forslag til samtaleskjema (klar til bruk)

Desse skjemaa ligg òg som munnlege øvingar i kapittelet. Då er det berre å setje i gang!

Fritid og venner

Bursdagar, fødselsdato, stjerneteikn, telefonnummer

CC BY-SA 4.0Skrive av Anna Maria Holvik, Julia Kleven og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2017