Hopp til innhald
Øving

Grammatikmix 6

Jobb med ordklassen adverb. Øv også på nominativ og akkusativ, og repeter nokre enkle reglar for kjønn på substantiv.

Øving 1: Adverb som du har lært til no

Adverb er ord som gir informasjon om forholda rundt handlinga, som

  • tid: no, ofte, snart, sjeldan, aldri
  • stad: her, der, inne, ute, hit, dit
  • måte: stykkevis, andføttes, parvis

Andre typar adverb er

  • gradsadverb: veldig, litt, ganske
  • spørjeadverb: når, kvar, korleis
  • setningsadverb: ikkje, heldigvis, neppe

Øving 2: Nominativ og akkusativ

Treng du ein kort repetisjon? Gå gjennom fagstoffet og sjekk om du framleis veit når du skal bruke nominativ og akkusativ i tysk.

Øving 3: Nominativ og akkusativ

Øv med gloser frå leksjon 6.

Øving 4: Reglar for kjønn på substantiv

Det finst nokre enkle reglar som hjelper oss å bestemme kjønnet på ein del substantiv i tysk. Substantiva nedanfor er henta frå denne leksjonen. Kan du bestemme kjønnet på dei og kva for regel dei fell under?

Apfelschorle, Banane, Brötchen, Entschuldigung, Hörnchen, Hühnchen, Kantine, Karte, Kellner, Kellnerin, Kohlensäure, Marmelade, Mischung, Radler, Rechnung, Sahne, Schule, Stunde, Tomate, Torte, Zitrone

Fasit
  • Dei fleste hokjønnsorda endar på -e:
    • (die) Apfelschorle, Banane, Kantine, Karte, Kohlensäure, Marmelade, Sahne, Schule, Stunde, Tomate, Torte, Zitrone
  • Substantiv som endar på -chen er inkjekjønnsord:
    • (das) Brötchen, Hörnchen, Hühnchen
  • Substantiv som endar på -ung er hokjønnsord:
    • (die) Entschuldigung, Mischung, Rechnung
  • Substantiv på -er er til vanleg hankjønnsord:
    • (der) Kellner, Radler
  • Kvinnelege yrkesutøvarar får sjølvsagt hokjønnsartikkel:
    • (die) Kellnerin
CC BY-SA 4.0Skrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2019