Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Frühstück? Nein danke!

Oppgåver til teksten "Frühstück? Nein danke!"
Elev som har sovna ved pulten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Aufgabe 1

Wovon handelt der Text? Kva handlar teksten om?

  • Les tittel og mellomoverskrifter i teksten "Frühstück? Nein danke!", og omsett dei. Sjå også på illustrasjonen som er vald til teksten.
  • Skriv deretter ei til to setningar på norsk om kva du trur resten av teksten kjem til å handle om.

Aufgabe 2

Übersetze den Text. Omsett teksten.

  • Les og omsett teksten.
  • Bruk ordbok for å slå opp ukjente ord.

Tips: Dersom det er enkelte ord som du synest er særleg vanskelege å hugse, kan du bruke eit annoteringsverktøy (til dømes Diigo, som er gratis) og legge inn små huskelappar med omsettinga av ordet direkte på nettsida.

Aufgabe 3

Fragen zum Text Spørsmål til teksten

Svar på norsk.

  1. Kor mange unge mellom 14 og 17 droppar den daglege frukosten?
  2. Kva slags argument bør foreldre bruke dersom dei vil overtyde dei unge om at dei bør ete frukost?
  3. Kva for ei gruppe ungdommar droppar frukosten for å spare kaloriar?
  4. Kva for ei gruppe et heller mindre snacks og godt for å spare kaloriar?
  5. Kvifor er det ikkje lurt å droppe frukosten for å halde seg slank?
  6. Kva tidsskrift er opplysningane i teksten henta frå, og kva for ein ekspert uttaler seg?

Aufgabe 4

Isst du Frühstück? Et du frukost?

  • Skriv tre setningar om frukostvanane dine.
    (Det er lov å ljuge!)

Relatert innhald

Les kva det tyske pressebyrået DPA (Deutsche Presseagentur) skriv om frukostvanane til tyske ungdommar.

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2017

Læringsressursar

Land und Leute