Forslag til vurderingssituasjonar 5
I vedlegget "Skriftleg prøve leksjon 5" finn du
- informasjon til elevane
- vurderingsskjema
- ei prøve som består av tre oppgåver: leseforståing, kortsvar og langsvar
Før prøva gjennomgår du informasjonen til elevane og vurderingsskjemaet slik at elevane veit kva som blir forventa av dei. Val av tillatne hjelpemidel blir opp til den enkelte læraren, men ein kan til dømes la elevane løyse leseforståings- og kortsvarsoppgåva utan hjelpemiddel, og langsvarsoppgåva med hjelpemiddel.
Vedlegget "Munnleg høyring leksjon 5" består av
- ei oppgåve
- eit eigenvurderingsskjema
- eit lærarvurderingsskjema
Denne oppgåva er den same som langsvarsoppgåva på den skriftlige prøva. Den munnlege oppgåva kan komme i etterkant av den skriftlege prøva. Då får elevane høve til å rette opp eigne feil og forbetre karakteren sin.
Alternativt kan dette vere ein sjølvstendig munnleg vurderingssituasjon. I så fall startar elevane med å skrive ein tekst (eit manus) som dei får ein kommentar på, slik at dei kan jobbe vidare med innhald og språk før den munnlege vurderinga.
Viktig: Gjennomgå vurderingsskjemaet med elevane slik at dei veit kva som blir forventa av dei. Etter høyringa fyller elevane ut eigenvurderingsskjemaet og får ei lærarvurdering.