Øving
Grammatikmix 2
- Ta utgangspunkt i døma nedanfor og forklar kva som er ubestemt artikkel, føresett bestemt artikkel og etterhengd bestemt artikkel i norsk.
- ein by, ei elv, eit tårn
- byen, elva, tårnet
- den gamle byen, den store elva, det høge tårnet
- Forklar ved hjelp av setningsdøma nedanfor: Når bruker vi ubestemt artikkel, og når bruker vi bestemt artikkel?
- Sofie oppdagar eit fly . Flyet nærmar seg raskt.
- Sola skin i dag.
- Hans kjøper ein bagett.
- Kva for ein artikkel finst berre i eintal, i både norsk og tysk?
- Tysk har berre éin bestemt artikkel. Er han etterhengd eller føresett?
- Skriv ned den tyske ubestemte og bestemte artikkelen som høyrer til substantiva
- Kirche (hokjønnsord)
- Land (inkjekjønnsord)
- Freund (hankjønnsord)
- Kirchen, Länder, Freunde (fleirtal)
- List opp tre tyske hankjønnsord, hokjønnsord og inkjekjønnsord (ni ord totalt) frå glosene du har lært hittil. Bruk andre substantiv enn dei som er nemnde i oppgåve 1.
- Skriv også ned den ubestemte og bestemte artikkelen som høyrer med til kvart av substantiva.
- Finn fleirtalsformene til dei ni substantiva. Du kan til dømes bruke Duden online. Ta også med bestemt artikkel i fleirtal.
Duden
- Duden er den mest kjente tyske ordboka.
- Duden er eittspråkleg, og det betyr at all informasjon står på tysk.
- Når du har slått opp eit ord, må du skrolle litt for å finne oversikta over korleis ein bøyer det.
- Det er også mogleg å høyre korleis ordet blir uttalt.
- Omsett setninga nedanfor til tysk. Kom med to forslag til omsetting.
- Hobbyen til Mia er musikk.
- Forklar korleis vi kan lage eigeform av namn i tysk.
- Forklar bruken av apostrof i denne setninga:
- Max' favorittband heißt Foo Fighters.
- I setninga "Ich spiele Fußball" står det personlege pronomenet i første person eintal (ich). Verbet får då endinga -e. Korleis blir setninga når det personlege pronomenet står i
- andre person entall
- andre person flertall
- Omsett alle tre setningane frå punkt 1 til norsk.
- Verba sprechen, sehen og lesen har vokalskifte i presens, men berre i to former.
- Kva former får vokalskifte? Oppgi person og tal.
- Skriv ned formene med vokalskifte. Ta med det personlege pronomenet som høyrer med.
- List opp fleirtalsformene av verbet sein: wir ... osv.
- Verbet haben har nesten heilt regelrett bøying. Berre to former avvik litt frå det vanlege mønsteret.
- Kva former er det? Oppgi person og tal, og skriv ned formene.
- Kva bokstav har falle bort i desse to formene?
- To presensformer av verbet har same ending som infinitiven (grunnformen). Kva former er dette? Oppgi person og tal, og skriv ned eit døme.