Hopp til innhald

Fagstoff

Deutsch unplugged

PC-fri sone! Her er nokre forslag til aktivitetar der elevane får brukt både kropp og snakketøy. I tillegg repeterer dei tyske ord og uttrykk. Inspirasjonskjelde: teaterpedagog Maik Walter (workshop under NDT 2015). God fornøyelse!
Person held ei skjøteledning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tal-leik

Dette er ein morosam tal-leik som passar fint etter at ein har øvd inn tala 0–20.

  1. Elevane står i ring.
  2. Den som startar, seier talet eins og klappar samtidig på skuldra til ein av naboane til venstre eller høgre.
  3. Den som blir klappa på, seier talet zwei og klappar samtidig på skuldra til naboen til venstre eller høgre.
  4. Denne personen seier drei, og slik held det fram. Retninga skiftar stadig vekk, så det gjeld å følge godt med!
  5. Den som kjem til talet ti (eller eit anna tal som er valt som høgaste tal), skal ikkje klappe vidare, men legge armane i kors slik at hendene peikar i kvar si retning, og seie zehn.
  6. Armen som ligg øvst, viser kva retning leiken no skal ta. Dersom han peikar mot høgre, er det personen til høgre som må seie talet eins og klappe på ei skulder, osv.

Etter nokre rundar kan ein prøve ein ny variant der dei som gjer feil, må løpe ein strafferunde på utsida av ringen og tilbake på plass. Litt meir kaos, og kanskje endå meir moro!

Spontane samtalar

Denne aktiviteten passar fint etter at ein har gjennomgått emna Mein Steckbrief og Hobbys.

  1. Elevane går rundt i klasserommet, presenterer seg for kvarandre og spør kvarandre om namn, alder, hobbyar, språkkunnskapar osv.
  2. Dei kan berre snakke med éin person om gongen og må halde samtalen i gang heilt til læraren signaliserer at dei skal byte partnar.

Mime og snakke

Denne leiken passar bra etter at emnet Hobbys er gjennomgått. Som ei førebuing kan ein i fellesskap skrive ulike aktivitetar og hobbyar på tavla.

  1. Elevane står saman to og to.
  2. A mimar ein aktivitet (lèt til dømes som om ho joggar).
  3. B spør: Was machst du da?
  4. A må svare noko anna enn det ho faktisk gjer, til dømes: Ich fotografiere.
  5. No er det B sin tur. B mimar no det A nettopp har sagt (fotograferer).
  6. A spør: Was machst du da?
  7. B seier òg noko anna enn det han faktisk gjer, til dømes: Ich zeichne.
  8. A mimar at ho teiknar, og så vidare.

Dette er multitasking! Å gjere éin ting samstundes som ein seier noko anna, krev konsentrasjon. Etter ei stund byter ein partnar.

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2018

Læringsressursar

Zum Weiterüben