Hopp til innhald
Øving

Deutsch unplugged

Her er nokre forslag til aktivitetar der elevane får brukt både kropp og snakketøy. I tillegg repeterer dei tyske ord og uttrykk. God fornøyelse!

1 Eigar etterlyst!

Å øve på eigedomsord

  • Elevane jobbar i små grupper på tre til fem.

  • Kvar elev legg tre skuleting på bordet.

  • Så spør elevane kvarandre om kven som eig tinga.

Om eleven treng litt hjelp i starten

  • Kvar elev tar først fram tre papirark og brettar arka i to.

  • På kvart ark skriv eleven namnet på ein av gjenstandane, med rett form av eigedomsorda framfor substantivet.

  • På den eine sida av arket skal ordet ha rett form av mein/dein framfor seg, på den andre sida rett form av sein/ihr.

  • Døme: meine/deine Mappe på den eine sida, seine/ihre Mappe på baksida.

  • Kvart namneark blir så plassert saman med den aktuelle gjenstanden.

Variant A

  • Ein elev startar, peiker på ein gjenstand og spør naboen sin: Ist das dein Laptop?
  • Naboen svarer: Stimmt, das ist mein Laptop / Nein, das ist nicht mein Laptop.
  • Deretter snur naboen seg mot nestemann og spør: Ist das deine Mappe?
  • osv.

Variant B

  • Ein elev startar, peiker på ein av gjenstandane på bordet og spør naboen sin: Ist das Marias Laptop?
  • Eigaren av gjenstanden nikkar eller ristar på hodet. Naboen svarer: Nein, das ist nicht ihr Laptop. / Stimmt, das ist ihr Laptop.
  • Deretter spør han eller ho nestemann: Ist das Toms Mappe?
  • Vedkommande svarer: Nein, das ist nicht seine Mappe. / Stimmt, das ist seine Mappe.
  • osv.

2 Eit klasserom tapetsert med "skuleord"

Denne aktiviteten passar bra etter at ein har gjennomgått emnet Schule und Schulsachen.

  • Gi elevane tusjar og små lappar (15 cm x 5 cm).
  • Be dei skrive ord frå leksjonen på lappane, eitt ord per lapp.
  • Dei kan gjerne bruke ulike fargar for å vise ordklassen: Substantiva kan til dømes skrivast med blå tusj, verba med rød og adjektiva med grøn farge.
  • Fest glosene med teip i klasserommet (lappen med påskrift "der Stuhl" blir teipa på ein stol osv.).

Forslag til ord

  • Substantiv: die Tafel, die Kreide, der Stuhl, der Schwamm, das Fenster, die Tür, der Rucksack, das Mäppchen usw.
  • Verb: lesen, schreiben, hören, lernen, lachen, denken, rechnen, ... (dei kan festast samla på ein vegg)
  • Adjektiv: spannend, interessant, langweilig, ... (dei kan også festast samla ein plass på veggen)
  • Andre ord frå gloselista "Schule und Schulsachen".

Variant A: "Laufdiktat"

Når klasserommet er ferdig utstyrt, kan ein ha "Laufdiktat": Elevane må løpe til eit ord, hugse det, løpe tilbake til plassen sin og skrive det ned på eit ark.

Læraren gir felles startsignal og passar tida – til dømes fem minutt. Det er berre lov å skrive ned eitt ord om gongen. Kor mange ord klarer elevane å få riktig ned på arket?

Elevane kan sjølv ta med arket og gå og kontrollere om dei har skrive orda korrekt – eller dei kan byte ark og kontrollere for kvarandre.

Variant B: kjenne på – gjette – stave

  • To og to elevar står overfor kvarandre. A skal har bind framfor auga.
  • B vel ein skuleting og tilbyr den blinde å få kjenne på gjenstanden. B spør A: "Was ist das?"
  • A må då kjenne på gjenstanden og seie namnet på han på tysk: "Das ist ein Radiergummi."
  • B spør vidare: "Kannst du das buchstabieren?"
  • A stavar ordet: "R-A-D-I-E-R-G-U-M-M-I".
  • Elevane øver med tre ting, deretter byter dei roller. Dei får eitt poeng for kvart ord dei vet, og eitt tilleggspoeng for kvart ord dei klarer å stave rett.

3 Spasertur i klasserommet

Å øve på temaordforråd om skule

  • Læraren set på passande musikk. Alle elevane går gjennom klasserommet medan musikken spelar.
  • Når læraren stoppar musikken, finn kvar elev ein samtalepartner i nærleiken.
  • No snakkar elevane om skule: fag, timeplan, skulesaker, interesser osv. Elevane held samtalen i gang fram til lærar set i gang musikken igjen.
  • Ved neste musikkstopp finn alle ein ny samtalepartnar. Øvinga kan sjølvsagt like gjerne gjerast med andre spørsmål eller samtaleemne!

Praktisk råd

La elevane få øve med spørsmål og svaralternativ på tavle eller lerret dei første tre rundane. Deretter førebur du dei på at du kjem til å fjerne svaralternativa. La dei øve to-tre rundar til. Så fjernar du spørsmåla også. Då snakkar dei fritt.

Forslag til spørsmål og svar

  • Welche Fächer hast du heute?
  • Heute habe ich zuerst (Mathe) und dann (Deutsch, Englisch und Sport).
  • Wie ist dein Stundenplan?
  • Er ist gut / schlecht. Der beste Tag ist der ...
  • Was ist dein Lieblingsfach?
  • Mein Lieblingsfach ist ...
  • Was hast du im Rucksack?
  • In meinem Rucksack ist /sind ...
  • Hast du einen Bleistift?
  • Ja, ich habe einen Bleistift. / Nein, ich habe keinen ...

4 Laurentia

Å øve på namn på vekedagar

"Laurentia, liebe Laurentia mein" er ein enkel tysk song som du finn mange versjonar av på YouTube. Finn fram gitar eller piano og spel sjølv, eller berre syng a cappella, eller bruk ein YouTube-versjon av songen som komp.

Elevane står i ring og syng. Kvar gong namnet "Laurentia" eller namnet på ein vekedag dukkar opp i teksten, må elevane og læraren gjere ein knebøy eller neie.

Songteksten

  1. Laurentia, liebe Laurentia mein, wann wollen wir wieder beisammen sein? Am Montag!

  2. Ach wenn es doch schon wieder Montag wär, und ich bei meiner Laurentia wär, Laurentia wär.

  3. Laurentia, liebe Laurentia mein, wann wollen wir wieder beisammen sein? Am Dienstag!

  4. Ach wenn es doch schon wieder Montag, Dienstag wär, und ich bei meiner Laurentia wär, Laurentia wär.

  5. Laurentia, liebe Laurentia mein, wann wollen wir wieder beisammen sein? Am Mittwoch! Ach wenn es doch schon wieder Montag, Dienstag, Mittwoch wär, und ich bei meiner Laurentia wär, Laurentia wär.

Og så vidare! Fortsett fram til de kjem til søndagen. No er alle vakne, har høg puls og er klare til å starte på tyskøkta.

5 Rollespel "In der Schule"

Skule på tysk!

Elevane jobbar i grupper på fire til seks. Dei skal utvikle og framføre ein kort undervisningsscene på tysk, utan manus. Læraren bestemmer kva punkt elevane må ha med i rollespelet sitt.

Det er mest sannsynleg tilstrekkeleg med ei førebuingstid på ca. 30–45 min.

Forslag til krav

  • Vis at de kan stave på tysk.
  • Vis at de kan be om å gå på do.
  • Vis at de kan be nokon lukke dør/vindauge.
  • Vis at de kan be nokon om å slå lyset av eller på.
  • Vis at de kan namna på ein del skulesaker.
  • Vis at de kan gi og forstå beskjedar på tysk.
  • Vis at de kan rekne på tysk.

Denne oppgåva kan også brukast som ei munnleg vurdering. Då er det viktig at alle i gruppa har ein del replikkar.

CC BY-SA 4.0Skrive av Anna Maria Holvik, Julia Kleven og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2017