Hopp til innhald
Øving

Grammatikmix 4

Oppgåve 1

Substantiv og kjønn

Kva slags kjønn har (alle eller dei fleste)

  1. substantiva som endar på -chen
  2. substantiva som endar på -ik
  3. substantiva som endar på -ung
  4. substantiva som endar på -e
  5. substantiva som endar på -er
  6. substantiva som endar på -ie
  7. substantiva som endar på -ment
  8. substantiva som endar på -um
  9. namn på delar av dagen (Morgen, Mittag, ...)
  10. namn på vekedagar

Oppgåve 2

Substantiv og kjønn

Finn døme som illustrerer reglane i oppgåve 1. Nemn to døme til kvar regel. Bruk ord du allereie kjenner, eller finn døme i gloselister eller i ordboka.

Oppgåve 3

Fleirtalsform av tyske substantiv

Kva for ei ending får substantiva nedanfor i fleirtal? Skriv ned fleirtalsformene. Skriv også ned reglane som substantiva er døme på. Bruk oppslagsverk der du treng det.

  1. die Katze, die Familie, der Junge, die Schule
  2. der Lehrer, der Bäcker, der Lader
  3. das Klo, der BMW, der VW
  4. der Laptop, das Handy, der Fan
  5. die Oma, das Baby, der Bikini, das Kanu
  6. die Lehrerin, die Ärztin, die Schülerin
  7. das Mädchen, das Meerschweinchen, das Kaninchen
  8. der Tag, die Hand, das Heft, das Pult, das Tier, der Hund, das Pferd
  9. das Kind, das Wort, das Buch, das Land

Oppgåve 4

Fleirtalsform av tyske substantiv

Substantiva nedanfor er mykje brukte. Skriv ned fleirtalsformene. Kva er felles for dei?

der Vater, die Tochter, die Mutter, der Sohn, das Wort, das Buch, das Land, die Hand

Oppgåve 5

Eigedomsord

  1. Kva for ei ordklasse høyrer eigedomsorda til?
  2. Norske eigedomsord kan stå framfor eller etter substantivet. Kva med de tyske eigedomsorda? Gi norske og tyske døme som viser kvar eigedomsorda kan eller må plasserast.
  3. Tyske eigedomsord blir bøygde på same måten som ein og kein. Gi to døme som viser at desse tre orda får dei same bøyingsendingane.

Oppgåve 6

Eigedomsord

Omsett setningane nedanfor til norsk:

  • Anna liest ihr Buch.
  • Peter liest sein Buch.
  1. Setningane kan omsettast på to måtar. Skriv ned begge.
  2. Forklar forskjellen mellom norsk og tysk.

Oppgåve 7

Setningsbygning

Ta utgangspunkt i setningsdøma nedanfor og forklar:

  1. Verbalet er setningsleddet som til vanleg står på plass to i setninga. Kor mange setningsledd kan stå framfor verbalet?
  2. Kva slags setningar begynner med verbalet?
  3. På kva plass står subjektet når plassen framfor verbalet er opptatt?
  • Ich esse heute Pizza.
  • Heute esse ich Pizza.
  • Pizza esse ich heute.
  • Isst du heute Pizza?
  • Was isst du heute?

Oppgåve 8

Nekting med nicht og kein

Gjer dei forteljande setningane nedanfor om til nektande setningar. Grunngi dei tilfella der du må bruke kein.

  • Ich bin aus Norwegen.
  • Fünf mal drei ist sechzehn.
  • Hans schnarcht.
  • Kine hat mein Physikbuch.
  • Wir haben einen Onkel in Amerika.
  • Er hat Freunde.
CC BY-SA 4.0Skrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2018