Hopp til innhald
Øving

Deutsch unplugged 3

PC-fri sone! Her er nokre forslag til aktivitetar der elevane får brukt både kropp og snakketøy. I tillegg repeterer dei tyske ord og uttrykk. Inspirasjonskjelde: teaterpedagog Maik Walter (workshop under NDT 2015). God fornøyelse!

Mimelek

Å etterlikne og gjette kjæledyr

Denne aktiviteten passar i etterkant av emnet Vierbeinige Freunde (kjæledyr).

  • Elevane blir delte inn i to grupper.
  • Kvar gruppe skriv namna på ti kjæledyr på små lappar, eitt dyr per lapp. Lappane blir bretta saman.
  • Ein elev i gruppe A trekker ein lapp frå gruppe B og mimar dyret som står på lappen.
  • Dei andre elevane i gruppe A gjettar no på tysk: "Das ist ein Hund!?" osv.
  • Klarer gruppa å gjette rett dyr innan maks. 40 sekund, får gruppa lappen og dermed eitt poeng.
  • Deretter er det ein elev frå gruppe B som trekker ein av lappane til gruppe A og mimar for gruppa si, osv.
  • Leiken held fram til alle lappane er brukte opp. Kva for ei gruppe klarte flest poeng?

Spasertur i klasserommet

Å spørje om kjæledyr

Denne aktiviteten passar bra etter at ein har gjennomgått emnet Vierbeinige Freunde (kjæledyr).

  • Læraren set på passande musikk.
  • Alle elevane går gjennom klasserommet medan musikken spelar.
  • Når læraren stoppar musikken, finn kvar elev ein samtalepartnar i nærleiken.
  • Så intervjuar elevane kvarandre ved å stille følgande spørsmål:

    • Hast du ein Haustier?
    • Wie heißt dein Haustier?
    • Wie sieht es aus?
  • Elevane held samtalen i gang fram til læraren set i gang musikken igjen.
  • Ved neste musikkstopp finn alle ein ny samtalepartnar.

Øvinga kan sjølvsagt gjerast med andre spørsmål/samtaleemne!

Improvisasjon: Familiebilde

Å lage eit gruppebilde

  • Ei gruppe elevar (6–8) får i oppdrag å stille seg opp til familiefotografering. Ingen veit kven som er kven i familien, elevane må berre finne på noko når instruktøren gir startsignalet.
  • Publikum tar nedteljinga på tysk: "Zehn – neun – acht .... til drei – zwei – eins: Los!"
  • Ein elev frå gruppa begynner ved å gå inn "i bildet" (= ut på scenen), og seier til dømes: "Ich bin das Kind!".
  • Så vel vedkommande ein posisjon, ein "plass" i bildet.
  • Deretter går neste elev fram og seier til dømes: "Ich bin der Uropa!", og finn ein passande positur og plass i bildet.
  • Slik held ein fram til alle i gruppa har funne ein plass i familiebildet.
  • Til slutt tar ein eit bilde av "familien" og gir applaus til gruppa.

Eit litt meir utfordrande alternativ

  • Gjer oppgåva ein gong til.
  • I denne runden skal elevane oppgi posisjon i familien, namn, alder og bustad når dei går inn i "bildet".
  • Døme: "Ich bin der Uropa. Ich heiße Günther. Ich bin 92 Jahre alt und ich wohne in Kiel."

Enda fleire variasjonar

  • Elevane kan bli bedne om å nemne hobbyar, yndlingsfarge, yrke osv.
  • Oppgåva kan utvidast etter kvart som elevane lærer meir.
  • Du kan også i tredje eller fjerde runde la elevane lage eit "20 år seinare"-bilde. Kanskje settingen denne gongen er gravferda til Uropa Günther, bryllaupet til barnet osv. Det viktigaste er å ha det moro og bruke språket!
  • La alle elevgruppane ta iallfall to rundar framfor resten av klassen.
  • Pass på at alle får applaus etter kvar runde!

Familie Schuster

Oppgåver med utgangspunkt i lyttetekst

  • Her er to forslag til oppgåver som passar godt etter at ein har gjennomgått emna Meine Familie og Du siehst gut aus.
  • Læraren les teksten høgt for elevane.
  • Det er sikkert nødvendig å lese teksten to eller tre gonger. Teksten er noko vanskeleg i utgangspunktet, men han kan forenklast og/eller forkortast ved behov.
  • Elevane skal trekke ut fakta, dei treng ikkje nødvendigvis å forstå alle språklege strukturane.

Lyttetekst: Familie Schuster

  • Das ist die Familie Schuster. Der Vater heißt Kurt. Er ist 1,85 m groß. Er ist 47 Jahre alt. Er ist sehr sportlich und er hat dicke Muskeln. Die Haare sind schwarz und kurz. Er trägt eine blaue Jeans und eine braune Jacke.
  • Die Mutter heißt Anita. Sie ist sehr klein, nur 1,56 m. Sie ist 44 Jahre alt. Sie hat blonde, lange Haare und blaue Augen. Sie wiegt 95 kg, sie ist nicht schlank! Sie trägt eine schwarze Jeans und einen blauen Pullover.
  • Kurt und Anita haben drei Kinder. Die Kinder sind 17, 12 und 2 Jahre alt. Thomas ist 17 Jahre alt. Er hat braune, kurze Haare und braune Augen. Er ist 1.75 m groß und er ist sehr dünn. Er trainiert sehr viel Marathon.
  • Jakob ist 12 Jahre alt. Er ist der kleine Bruder von Thomas. Er hat blonde, halblange Haare und blaue Augen. Er trainiert nicht so viel, und er liebt Schokolade. Er ist 1,45 m groß und relativ kräftig.
  • Lotte ist 2 Jahre alt. Sie hat braune Locken und braune Augen. Sie ist nur 92 cm lang.
  • Die Oma Anneliese ist 87 Jahre alt. Sie ist sehr klein. Sie hat graue, kurze Haare. Sie hat eine permanente Dauerwelle, also sind ihre Haare lockig. Sie hat eine Brille, und sie hat graue Augen.
  • Die Familie Schuster hat auch einen Papagei. Der sitzt auf der Schulter von Herrn Schuster. Er ist grün, blau und braun, und er sagt immer: “Papa, komm! Papa, ich will Schokolade!”

Alternativ 1: Spørsmål og svar

  • Elevane får beskjed om at dei skal notere minst fem fakta frå teksten medan læraren les.
  • Dei får høyre teksten fleire gonger.
  • Kvar elev lagar fem faktaspørsmål til teksten og skriv dei på ein lapp.
  • På signal frå læraren går elevane saman i par. Éin begynner å spørje, partnaren prøver å svare. Dei byter roller heile tida slik at kvar elev spør eller svarer annankvar gong. Kor mange spørsmål klarer kvar enkelt å svare på?

Alternativ 2: "Portrettkunstnaren"

  • Elevane får rolla som kunstnarar som skal teikne eit gruppebilde av familien Schuster (med enkle middel).
  • Poenget er å få med flest mogleg tydelege detaljar om utsjånaden til personane.
  • Elevane går saman i par. Dei viser kvarandre teikningane og fortel på tysk kven personane er, kva slags klede dei har på seg og korleis de ser ut.

Moro med tal

To taløvingar

A) Spaß mit Zahlen

  • Kvar elev lagar ein lapp med fem tal (siffer) på.
  • Alle lappane blir bretta og samla i ein bolle.
  • Kvar elev trekker ein lapp (dersom ein elev trekker sin eigen lapp, blir lappen lagd tilbake i bollen).
  • Deretter jobbar elevane i par.
  • Elev 1 les tala høgt for partnaren, og partnaren skriv ned talet både som siffer og som ord.
  • Så sjekkar begge at tala er forståtte og skrivne rett, og deretter byter dei roller.
  • Eitt poeng for kvart siffer og kvart ord som er riktig!

B) Mønster i talrekker

  • Læraren skriv opp ei talrekke på tavla, eller les opp ei talrekke som elevane skal notere på ark.
  • Så blir elevane bedne om å finne mønsteret i rekka, og notere dei neste fem tala i rekka.

    • Talrekke 1: 2, 7, 12, 17, …
    • Talrekke 2: 1, 2, 4, 7, 11, …
    • Talrekke 3: 11, 9, 15, 13, 19, 17, …
    • Talrekke 4: 1, 2, 4, 5, 7, 9, 10, 12, 14, 16, …
    • Talrekke 5: 0, 1, 1, 2, 3, 5, 8, 13, 21, 34, …
  • Læraren ber så nokon som har klart talrekke 1 om å skrive ho på tavla og forklare mønsteret på tysk eller norsk.
  • Deretter les nokon (eller alle) talrekka høgt på tysk.
  • Så går ein vidare til neste talrekke.
CC BY-SA 4.0Skrive av Anna Maria Holvik, Julia Kleven og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2018