Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Grammatikmix 3

Symbol for grammatikkoppgåve. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Bestemmarord

  1. Alle orda som er lista opp nedanfor, høyrer til ordklassen bestemmarord. Klassifiser dei etter type: Er dei mengdeord, eigedomsord eller peikeord?

    alle, den, denne, dykkar, det, din, ei, ein, eitt, fire, få, hans, ingen, mange, min, nokon, null, same, sin, slik, sånn, to, tre, vår
  2. Forklar kva som kjenneteiknar eigedomsord, mengdeord og peikeord. (Gi ein enkel definisjon.)

Oppgåve 2

Adjektiv

  1. Kva slags ord er adjektiv? Forklar kort og gi tre norske døme.
  2. List opp ti tyske adjektiv som er brukte i leksjonane ein til tre.
  3. Kva meiner vi med attributiv og predikativ bruk av adjektiv? Ta utgangspunkt i dei to setningsdøma nedanfor og forklar.

    Dei åt god mat. Maten var god.
  4. Kva vil det seie at adjektivet har samsvarsbøying? Forklar og bruk setningane nedanfor som døme.

    Vi eig ei gammal hytte.
    Han har eit gammalt hus.
    Anna er ikkje gammal.
    Besteforeldra mine er gamle.
  5. Også i tysk har adjektivet samsvarsbøying, men norsk og tysk har litt ulike reglar her. Ta utgangspunkt i setningane nedanfor og forklar forskjellen. Legg gjerne til fleire setningsdøme om du vil.

    Wir haben eine alte Hütte.
    Er hat ein altes Haus.
    Anna ist nicht alt.
    Meine Großeltern sind alt.
  6. Dei fleste adjektiva kan gradbøyast. Kva er namna på dei tre ulike gradane?
  7. Gradbøy desse fire norske adjektiva: kald, stor, liten, moderne.

Oppgåve 3

Substantivfrasar

  1. Ein frase består av ord som høyrer saman. Korleis er ein substantivfrase sett saman? Ta utgangspunkt i døma nedanfor og forklar. Forklar også omgrepa overledd og underledd.

    denne boka
    boka mi
    den spennende boka hennar
  2. Bestem ordklassane som dei ulike underledda høyrer til.

Oppgåve 4

Setningsanalyse

  1. Kva oppgåve har desse setningsledda i setninga? Forklar.

    Verbal
    Subjekt
    Direkte objekt
    Predikativ
  2. Kva for to ledd må alle setningane innehalde?
  3. Analyser desse setningane:

    Ich mag Spaghetti. / Eg liker spagetti.
    Frau Hansen ist Ärztin. / Fru Hansen er lege.
    Spielst du Gitarre? / Spelar du gitar?
    Er lernt Norwegisch. / Han lærer norsk.
    Olav ist Norweger. / Olav er norsk (nordmann).

Oppgåve 5

Setningsanalyse for litt vidarekomne

  1. Kva for oppgåve har desse setningsledda i setninga?

    Indirekte objekt
    Adverbial
  2. Analyser desse setningane:

    Ho gav han den hemmelege koden.
    Han rekte henne nøklane.
    Boka eg har lånt er spennande.
    Dei drog til Sveits i går kveld.
    Foreldra gret av glede.
    Kjem du ikkje i dag?
    Han forsvann lynraskt.

Oppgåve 6

Nominativ og akkusativ

  1. Kva for setningsledd i tyske setningar står i nominativ?
  2. Og kva for eit setningsledd står i akkusativ?
  3. Substantivfrasane nedanfor står i nominativ. Gjer følgande med alle frasane:

    • Bestem kjønn og tal på substantivet.
    • Omsett uttrykket til norsk.
    • Lag akkusativforma av frasen.

der Hamster, meine Katze, kein Kind, deine Eltern, ein Mann, das Haustier, eine Schlange, mein Vater

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2018

Læringsressursar

Grammatik