Kva er verb?
Verb er ord som fortel kva vi gjer eller hva som hender. Verb uttrykker ei handling, ein prosess (ei endring) eller ein tilstand:
Vi snakkar. Wir sprechen. (Handling, nokon gjer noko.)
Eg vaknar. Ich wache auf. (Prosess, noko endrar seg.)
Barnet søv. Das Kind schläft. (Tilstand som varer ei viss tid.)
Grunnforma av verbet kallar vi infinitiv. Det er denne forma du må søke på når du bruker ordbok.
I tysk har infinitiven endinga -en (av og til -n). Tar vi bort endinga, står vi att med verbstammen: geh-en, hör-en, könn-en.
Infinitivsmerket
Framfor infinitiven kan vi sette infinitivsmerket å, på tysk zu: å gå – zu gehen, å høyre – zu hören, å kunne – zu können.
Infinitivsforma står ofte saman med eit anna verb: Du må gå. Du musst gehen.
Verb blir bøygde i tid og har ulike former som uttrykker notid, fortid og framtid:
Han speler. Er spielt. (nåtid)
Han spelte. Er spielte. (fortid)
Han har spelt. Er hat gespielt. (fortid)
Han kjem til å spele. Han skal spele. Er wird spielen. (framtid)
I tillegg til tidsbøying har tyske verb personbøying. Det vil seie at verbendinga viser kven det er som utfører handlinga:
ich höre, du hörst, sie hört
Personbøying kjenner du også frå engelsk:
I hear, you hear, she hears
I am, you are, he is
Første, andre og tredje person
Vi bruker fagomgrepa første, andre og tredje person når vi snakkar om person i grammatikk-samanheng:
Person | Forklaring | Eintal | Fleirtal |
---|---|---|---|
1. person | den eller dei som snakkar | ich (eg) | wir (vi) |
2. person | den eller dei som blir snakka til | du (du) | ihr (de) |
3. person | den eller dei som blir snakka om | er, sie, es (han, ho, det) | sie (dei) |
Tyske verb får dessutan ulik ending avhengig av om det er éin eller fleire som gjer noko. Vi seier at tyske verb blir bøygde i tal:
ich höre – wir hören; du hörst – ihr hört; er hört – sie hören
- eg høyrer – vi høyrer; du høyrer – de høyrer; han høyrer – dei høyrer
Sjå på dei norske eksempelsetningane på denne sida og finn ut om norske verb har tidsbøying, personbøying og talbøying.
Når vi seier at vi bøyer a verbo, meiner vi at vi nemner dei fire hovudformene, slik som dei er førte opp i tabellen nedanfor. Du er sikkert kjent med tilsvarande oversikter frå lærebøker i engelsk og andre framandspråk. Kan du desse fire hovudformene, har du all informasjonen du treng for å bøye verbet i alle tider. Då sparer du mykje tid når du skriv, og du unngår feil når du snakkar tysk.
Infinitiv | Presens | Preteritum | Presens perfektum |
---|---|---|---|
(zu) singen | (er, sie, es) singt | (er, sie, es) sang | (er, sie, es) hat gesungen |
(zu) schreiben | (er, sie, es) schreibt | (er, sie, es) schrieb | (er, sie, es) hat geschrieben |
Du veit no at tyske verb blir bøygde i person, tal og tid, og at norske verb har tidsbøying. Verbformer med bøyingsending kallar vi med eit faguttrykk for finitte verbformer. Ei setning inneheld alltid eitt finitt verb.
Infinitte verbformer er former utan bøyingsending. Det vil seie at dei har berre éi form. Dei infinitte verbformene er infinitiv og perfektum partisipp.
Infinitiv: Ich muss lernen. Du musst lernen. Wir müssen lernen.
Perfektum partisipp: Ich habe gelernt. Du hast gelernt. Wir haben gelernt.
- Kva slags ord er verb?
- Kva kallar vi grunnforma av verbet?
- Korleis får vi stammen av eit verb? Bruk verbet kaufen som eksempel.
- Forklar skilnaden mellom finitte og infinitte verbformer.
- Kva meiner vi med første, andre og tredje person?
- Både norske og tyske verb blir bøygde i tid. Kva vil det seie?
- Kva for former av verbet listar vi opp når vi bøyer a verbo?