Presens futurum
Når du løyser interaktive øvingar, bør du òg omsette eksempelsetningane til norsk. Då får du repetert sentralt ordforråd, samtidig som du vil hugse grammatikken betre.
I både tysk og norsk bruker vi oftast presens (notid) for å uttrykke framtid, særleg når det er eit tidsuttrykk i setninga:
Nächste Woche fahre ich nach Berlin. Til veka drar eg til Berlin.
Kommst du morgen vorbei? Kjem du innom i morgon?
Im Sommer fahren wir nach Dänemark. Til sommaren reiser vi til Danmark.
Presens futurum uttrykker òg framtid. I tysk dannar vi presens futurum med presens av hjelpeverbet werden og infinitivform av hovudverbet:
Er wird ab Herbst in Deutschland studieren. Han kjem til å studere i Tyskland frå hausten av.
I tysk står infinitiven til slutt i heilsetninga. Samanlikn med norsk:
Ich werde meine Eltern besuchen. Eg skal besøke foreldra mine.
Wir werden das Spiel gewinnen! Vi skal vinne kampen!
Du wirst die Wette verlieren. Du kjem til å tape veddemålet.
Eintal | Fleirtal | |
---|---|---|
1. person | ich werde | wir werden |
2. person | du wirst | ihr werdet |
3. person | er, sie, es wird | sie, Sie werden |
Presens futurum kan høyrast noko høgtideleg og stivt ut når det blir brukt for å uttrykke framtid, derfor bruker vi til vanleg presens i staden.
Men vi treng likevel presens futurum når vi vil uttrykke lovnader, planar, forsett, ønske og antakingar:
Wir werden dich nie vergessen! Vi vil aldri gløyme deg! (lovnad)
Ich werde morgen den Bericht schreiben. Eg skal skrive rapporten i morgon. (plan, forsett)
Es wird bald regnen. Det kjem til å regne snart. (antaking)
Er wird schon kommen. Han kjem nok. (antaking)
Sie wird wohl schon zu Hause sein. Ho er mest sannsynleg heime alt. (antaking)
Wenn ich 18 bin, werde ich die Welt umsegeln. Når eg fyller 18, skal eg segle jorda rundt. (plan)
Vi kan òg bruke presens futurum for å uttrykke ei sterk, irritert oppfordring:
Du wirst jetzt nach Hause fahren! Du køyrer heim no!
Wirst du wohl aufhören! Kan du slutte med dette? Kutt ut!
Her er presens futurum eit alternativ til imperativ og til modalverbet sollen: Fahr nach Hause! Du sollst nach Hause fahren, sage ich!
Kva lovar organisasjonen du reiser med at året vil bringe?
Øv munnleg, gjerne i par. Byt i så fall på å spørje og svare.
Skriv setningane, og hugs å omsette dei (munnleg) til norsk!
Jobb munnleg. Gjer gjerne oppgåva saman i par.