Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Imperativ

Verbformen imperativ uttrykker ei befaling, ei oppfordring, eit råd eller ei rettleiing. Imperativ kan også uttrykke eit forbod. Lær korleis du dannar imperativforma i tysk.

Imperativsetningar (bydesetningar) begynner med verbet i imperativform:

  • Wart(e) bitte auf mich! Ver snill og vent på meg! (til éin person)

  • Wartet auf mich, Jungs! Vent på meg, gutar! (til fleire personar)

  • Warten Sie bitte hier, Frau Hansen. Ver snill og vent her, fru Hansen. (høfleg tiltale til éin eller fleire)

Form

  • Imperativ eintal dannar vi med presensstammen av verbet: Wart! Komm! Vi kan også legge til endinga -e om vi vil: Warte! Komme!

  • Forma utan -e er den vanlegaste i munnleg språk. Du kan fint bruke ho i skrift også.

  • Forma med -e har ein litt meir formell klang. Du kan bruke ho både munnleg og skriftleg om du vil.

  • Imperativ fleirtal og høfleg imperativ er lik presensformene i andre og tredje person fleirtal: Wartet! Warten Sie!

Verbstamme
  • Presensstammen av eit verb får vi når vi tar bort infinitivsendinga
    -en frå verbet: wart-en, geh-en, sing-en osv.

  • Verbstammen er da wart-, geh-, sing- osv.

  • Å bøye verb vil seie å legge endingar til verbstammen: Ich kauf-e. Ich kauf-te. Kauf-en Sie!

Øving 1: Imperativ eintal

Tenk deg at du ber om hjelp: først pent og høfleg, så litt meir utolmodig for hver gang:

  • Theo, kannst du bitte den Salat waschen? (høfleg og vennleg)

  • Theo, wasch bitte den Salat! (meir bestemt)

  • Theo, wasch endlich den Salat! (mas, mas ...)

  • Theo, wasch sofort den Salat! (veldig streng tone)

Gjer no det same med dei høflege spørsmåla i øvinga. Hugs å seie alle variantane høgt, og med innleving!

Øving 2: Imperativ

Kva for ei imperativsetning kan du bruke i staden for den høflege oppfordringa mit können? Hint: Du må sjå på subjekt og verbal i den høflege setninga.

Nokre spesialreglar

  • Nokre få verb må alltid ha imperativ eintal på -e fordi imperativforma elles ville vore vanskeleg å uttale.

  • Verb med stamme på konsonant + m eller konsonant + n må ha -e: atmen, öffnen osv.

  • Det same gjeld for verb med infinitiv på -eln eller -ern: lächeln, wandern osv.

  • Ved verb med stamme på -d og -t er imperativ eintal på -e nokså vanleg også i munnleg språk: Rat(e) mal! Red(e) keinen Unsinn!

Infinitiv

du

ihr

Sie

Verbtype

Norsk

öffnen

Öffne!

Öffnet!

Öffnen Sie!

stamme som endar på konsonant + n

Opne!

atmen

Atme!

Atmet!

Atmen Sie!

stamme som endar på konsonant + m

Pust!

lächeln

Lächle! Lächele!

Lächelt!

Lächeln Sie!

verb på -eln

Smil!

wandern

Wandre!
Wandere!

Wandert!

Wandern Sie!

verb på -ern

Vandre!

Øving 3: Imperativ eintal på -e

Imperativform av uregelrette verb

  • Verb med vokalskifte frå e til i eller ie i presens får vokalskifte også i imperativ eintal. Desse verba får aldri endinga -e.
  • Verb med vokalskifte frå a til ä eller fra au til äu i presens får ikkje vokalskifte i imperativ.

Infinitiv

du

ihr

Sie

Verbtype

Norsk

sprechen

Sprich!

Sprecht!

Sprechen Sie!

vokalskifte e > i i presens

Snakk!

lesen

Lies!

Lest!

Lesen Sie!

vokalskifte e > ie i presens

Les!

nehmen

Nimm!

Nehmt!

Nehmen Sie!

vokalskifte e > i i presens

Ta!

fahren

Fahr! Fahre!

Fahrt!

Fahren Sie!

vokalskifte a > ä i presens

Dra! Køyr!

laufen

Lauf! Laufe!

Lauft!

Laufen Sie!

vokalskifte au > äu i presens

Løp!

Øving 4: Imperativ av uregelrette verb

Øving 5: Kom med råd og forslag.

Imperativ av haben, sein og werden

Desse tre verba har til dels litt spesielle imperativformer:

Infinitiv

du

ihr

sie

Norsk

haben

Hab(e) Geduld!

Habt Geduld!

Haben Sie Geduld!

Ha tolmod!

sein

Sei ruhig!

Seid ruhig!

Seien Sie ruhig!

Ver roleg!

werden

Werd(e) gesund!

Werdet gesund!

Werden Sie gesund!

Bli frisk!

Øving 6: haben, sein og werden i imperativ

Imperativ av laust samansette verb

Imperativforma av laust samansette verb skriv vi som to ord. Prefikset (forstavinga) står sist i setninga.

  • Ruf mich morgen an! Ring meg i morgon!

  • Macht die Fenster auf! Lukk opp vindauga!

  • Kommen Sie bitte mit! Bli med meg, er De snill!

Øving 7: Laust samansette verb i imperativ

Øving 8: Munnleg trening

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2019

Læringsressursar

Imperativ